Trym ønskte seg sau – farfar bygde fjøs

Tenk å få sitt eige minifjøs. Det fekk Trym då han kom på at han ville ha sauer.

SJÅ MINIFJØSEN: Blad i biletegalleriet for meir bilete

Det starta då Trym Sebastian Hegrenes snakka om at han hadde lyst på sauer. Då sa farfar Øyvind Hegrenes at han kunne bygge fjøs til dyra. Og som sagt så gjort. Ein og ein halv månad seinare sto fjøset klart. Då hadde far Rune Hegrenes og farfar saman bygd Trym sitt minifjøs.

Sauene Laini og Joto og hønene Sjefen, Turbo, Buska, Tuska og Barbro har det svært så fint i den nye heimen.

Hønene kan når dei vil rusle ut i «bakgarden», og til våren kan sauene òg gå ut og inn av fjøset som dei vil, gjennom bakdøra. Trym er veldig nøgd med fjøset, og fortel at det artigaste er å gi dei mat.

– Det beste med dette er fellesskapet

Det einaste som minner om automatikk, er ein fôringsautomat til hønene, ei lita kasse i tre som etterfyller korn. Farfar Hegrenes trur at å ha eit fjøs på denne størrelsen er mykje artigare enn å ha stordrift av dyr, og legg til at her er det aldri noko stress.

Om morgonen når Trym går på skulen, er det farfar som har ansvaret for å gi dyra mat, og så er det Trym som har ansvaret for å fore dei når han kjem tilbake frå skulen. I helgane gjer dei det saman.

Lagar rekneskap

Trym er med i 4H og no er prosjektet hans å gi dyra mat og stell gjennom vinteren, stell av lamma når dei kjem til våren, og å lage rekneskap på kva det kostar med for. Farfar fortel òg at dei skal klippe sauene to gonger om året, og at dei har planar om å sende inn ulla og få igjen garnet.

Saka var fyrst publisert i Firda.