– Det som skjer i Ukraina no er skremmande, og noko som eg verkeleg må fordømma. Det kjennest uverkeleg, og det set verda vår i ein ny og farleg situasjon. Det er krig – og me går inn i ei tid med ekstra høg risiko på fleire område, seier Johannes Høsflot Klæbo til VG.
Natt til torsdag invaderte russiske styrkar Ukraina. Det har vore eksplosjonar i hovudstaden Kyiv. Fleire andre byar er under åtak.
Midt oppe i den uverkelege situasjonen i Ukraina, har det no oppstått ei knipe – nemleg at fleire idrettsutøvarar ikkje vil reisa til Russland for å konkurrera i idretten sin.
Les også: Russland har gått til åtak mot Ukraina
Vil ikkje konkurrera i eit land som invaderer andre
Johannes Høstflot Klæbo er ein av desse.
Han reagerer sterkt på at Det internasjonale skiforbundet (FIS) ikkje har flytta det planlagde verdscuprennet som skal arrangerast i Tjumen i Russland i mars. Han seier til VG at han personleg ikkje har planar om å reisa til eit land som invaderer eit anna land – for å konkurrera på ski.
– FIS kunne ha reagert langt raskare og dessutan gitt Östersund og Sverige avslutninga på verdscupen. Eg forventar at FIS aksjonerer i dag, seier han.
Blir ikkje verdscuprenn i Russland
Fredag formiddag vart det klart at Russland ikkje får stå som arrangør for dei kommande verdscuprenna i langrenn, hopp og fristil. Det skriv NRK i ei sak.
Som følge av situasjonen i Ukraina blir alle desse renna flytta til eit anna land, eller avlyst.
Les også: Kva skjer i Russland og Ukraina?