Teiknspråk er meir enn norsk med hendene

Visste du at det finst mange ulike teiknspråk i verda? Norsk teiknspråk har eigne dialektar og reglar – og er eit eige språk.

Det finst mange ulike teiknspråk rundt om i verda. I Noreg brukar om lag 20 000 menneske norsk teiknspråk. Det er ulikt frå svensk og dansk teiknspråk, sjølv om talespråka våre liknar på kvarandre.

Det finnes hele 161 ulike tegnspråk i verda.

– Nokre land har til og med fleire teiknspråk, fortel Hilde Maria Haualand til Ung.Forskning.no. Ho er professor ved Institutt for internasjonale studier og tolkeutdanning ved OsloMet.

Eit eige språk med eigne reglar

Ikkje alle norske ord har eit eige teikn. Nokre teikn har heller ikkje eit ord som passar heilt på norsk. Det er fordi norsk teiknspråk er eit eige språk med sin eigen grammatikk.

Til dømes er teiknet for «går», «gjekk» og «gått» det same. For å visa når noko skjedde, kan ein leggja til teikn som «i førre veke».

Nokre namn har eit eige teikn. Viss namnet ditt ikkje har det, kan ein døv person laga eit personleg teikn til deg. Det kan til dømes ta utgangspunkt i utsjånaden eller interessene dine.

Tips til deg

Dersom du ikkje kan teiknspråk og vil kommunisera med døve, har Haualand nokre tips:

– Du kan skriva eller bruka rørsler, peika og visa med kroppen kva du vil seia. Døve har lang erfaring med å prata med høyrande som ikkje kan teiknspråk. Det er me ekspertar på, så me får det til, seier ho.