Ti fakta om Libanon – frå hyenar til Hizbollah

Libanon har vore mykje i nyhendebilete den siste tida på grunn av krigen i Midtausten. Men visste du at landet har ganske mykje til felles med Noreg?

1. Libanon har om lag like mange innbyggjarar som Noreg, men Noreg er 38 gonger større enn Libanon. I Libanon bur 5,8 millionar innbyggjarar på 10.230 kvadratkilometer.

Hovudstaden i Libanon heiter Beirut. Der bur det 1,7 millionar menneske. Foto: Piotr Chrobot, Unsplash

2. Libanon er som Noreg eit svært fjellrikt land som har fått namnet sitt frå det fønikiske ordet «lbn» som tyder kvit. Dette refererer sannsynlegvis til dei snødekte libanesiske fjella. Den høgaste toppen, Qurnat as-Sawda’, er 3088 meter. Galdhøpiggen i Noreg er litt mindre, 2469 meter høg.

Foto: Rudy Issa, Unsplash

3. Libanon grensar til Syria og Israel. Landet har også kystline mot Middelhavet, og mellom fjella er det fruktbare dalar. Den største elva i Libanon er 23 kilometer lang og blir kalla både Abrahamselva og Adoniselva. Den renn gjennom dalen som heiter Nahr Ibrahim og munnar ut i Middelhavet.

Elva Adonis renn gjennom den fruktbare libanesiske dalen Nahr Ibrahim. Foto: Rudy Issa, Unsplash

4. Libanesarar er kjende for å vera eit svært raust og gjestfritt folkeslag. Libanon er det landet i verda som har teke i mot mest flyktningar. I 2024 var det registrert om lag 1,25 millionar flyktningar i Libanon, dei fleste frå Syria. Til samanlikning bur det om lag 130 000 flyktningar i Noreg.

Ein kafé i Beirut. Foto: Ali Hamada, Unsplash

5. Befolkninga i Libanon er samansett av folkegrupper med svært ulike synspunkt både politisk, religiøst og kulturelt, noko som utløyste borgarkrig i landet, frå 1975 til 1990. Om lag 95 prosent av det libanesiske folket er arabarar og 4 prosent armenarar. Om lag 50 prosent er muslimar, 45 prosent kristne og 5 prosent drusarar. Drusarar er ei strengt lukka religiøs gruppe.

Kristne samla til utandørs gudsteneste i Beirut. Foto: Christian Harb, Unsplash

6. Internasjonalt har den libanesiske millitante islamistgruppa Hizbollah vore inn og ut av konflikt med nabolanda Israel og Syria. Då Israel i februar i år drap øvste leiaren i Iran, Ayatollah Ali Khamenei, trigga dei på nytt Hizbollah, som også rekna Khamenei som sin øvste leiar. Dei fleste libanesarar blei sterkt fortvila då Hizbollah drog heile landet inn i ein ny krig under hemnangrepa på Israel 2. mars 2026. Mange uskuldige folk og barn er no på flukt og lid.

Medlemmer og tilhengjarar av Hizbollah feirar at Sør-Libanon er fritt etter Israel sin okkupasjon, som varte frå 1982 til 2000. Foto: Khamenei.ir, CC BY 4.0-lisens

7. Levekåra for barn i Libanon er for tida ikkje gode. Om lag 390.000 er på flukt frå krigen og det er mangel på helsehjelp, vatn og vern. Dei får heller ikkje gå på skule. Mange organisasjonar jobbar for å hjelpa desse barna for at dei skal bli trygge og få det godt igjen.

Gutar i Tripoli i Libanon på veg til skulen. Bildet er teke før krigen, i 2021. Foto: Rudy Issa, Unsplash

8. I fredstid er Libanon eit ynda mål for turistar. Landet er rikt på oldtidsminner, mellom anna frå steinalderen, romartida og mellomalderen. Turistar kan ta båtturar, dykka, besøka templer, grotter og gå fotturar i fjella.

Dei berømte fjellformasjonane Raouché Rocks ligg i Beirut. Foto: Oussama Tahmaz, CC BY-SA 4.0-lisens

9. Nasjonaldyret til Libanon er stripehyena! Den symboliserer motstandskrafta og tilpasningsevna til det libanesiske folket. I motsetnad til andre hyenar lagar stripehyena lite lyd, og den kan nærast dobla kroppsstorleiken sin om den blir redd og reiser bust.

Foto: Sumeet Moghe, CC BY-SA 3.0-lisens

10. Det finst fleire libanesarar i utlandet enn det som bur i Libanon. Kanskje så mykje som 15 millionar bur i andre land som Brasil, Canada og Frankrike. Ein av dei mest kjende eksil-libanesarane er menneskerettsadvokat Amal Clooney. Saman med ektemann og skodespelar George har ho starta ein veldedig organisasjon som mellom anna samarbeider med Unicef for å betra vilkåra for flyktningebarn i Libanon.

Amal og George Clooney Foto: U.S. Department of State from United States