1. Iran er det 17. største landet i verda både i utstrekning og i folketal. Arealet er 1,6 millionar kvadratkilometer og folketalet er 92,4 millionar.
2. Iran grenser til heile sju land: Pakistan, Afghanistan, Turkmenistan, Aserbajdsjan, Armenia, Tyrkia og Irak. Landet har også ei lang kystlinje.

3. Hovudstaden i Iran heiter Teheran. Med sine 9 millionar innbyggjarar er byen den største i Midtausten.

4. Iran ein islamsk republikk, det vil seia at landet har ein president og ei folkeregjering, men at dei øvste leiarane er religiøse prestar. Landet blir styrt etter sharia-lovene, som er lovene som står i muslimane si heilage bok, koranen.
5. Iran er eit diktatur med svært strenge levereglar for innbyggjarane. Til dømes er det dødsstraff for å vera homofil, og kvinner får ikkje bestemma over eige liv. Mannen bestemmer i praksis alt i heimen og i samfunnet, og mishandling av både barn og kvinner er diverre vanleg.

6. Alle barn går på skule frå dei er 6 til dei er 14 år. Mange speler fotball på fritida. Jenter får også lov til det, men må spela innandørs og med klede som dekkar heile kroppen inkludert hijab på hovudet.

7. Enkelte folkegrupper er mindre strenge når det gjeld kor mykje jenter og kvinner må dekka til kroppen og håret, men det er uansett stort sett alltid menn som bestemmer over dei. Det kan vera ein ektemann, bror, onkel, bestefar, søskenbarn eller anna slektning. Så lenge personen er ein mann så bestemmer han over kvinnene og jentene.

8. Iran følgjer den persiske kalenderen, der tidsrekninga startar med Muhammed si ferd frå Mekka til Medina, i år 622. Det vil seia at det persiske året i 2026 er 1405. Den persiske nyttårsaftan heiter nowrus. Den blir feira ein av datoane mellom 19. og 22. mars. Dette er fordi den persiske kalenderen er styrt etter sola og dei har bestemt at vårjamndøger skal vera den første dagen i eit nytt år.
9. Iran si befolkning er samansett av mange ulike folkegrupper. Fleirtalet er persarar (61 prosent). I tillegg finst grupper av aserbajdsjanarar, kurderar, arabarar, lurerar og balutsjerar, med fleire. Persisk er det offisielle språket, men det finst mange andre språk som dei ulike folkegruppene nyttar.

10. Iranarar nyttar persisk skriftspråk med tilpassa arabiske bokstavar. Ein skriv og les frå høgre til venstre, altså motsett av det du gjer no.

11. I tillegg til olje og naturgass er Iran den største eksportøren av safran, det dyraste krydderet i verda. Om du vil kjøpa ein kilo safran i Noreg så må du ut med mellom 40.000,- og 200.000,- kroner. Ein kilo pepar får du for til samanlikning for mellom 1000,- og 1400,- kroner. Safrankrydderet blir hausta av ein spesiell krokustype: Safrankrokus.

12. Iran er svært fjellrikt og har fleire vulkanar. Den høgaste vulkanen i Iran heiter Demavand, og den er også det høgaste fjellet i landet med heile 5610 meter over havet. Demavand er òg den nest høgaste vulkanen i verda. (Den høgaste heiter Ojos del Salado (6893 m.o.h), og ligg i Andesfjella på grensa mellom Chile og Argentina.)

13. I Iran er det svært fornærmande å visa tommel opp. Det er som å visa midtfingeren her i Noreg.






















