Russland har gått til åtak mot Ukraina

Torsdag gjekk Russland til åtak mot Ukraina, og det har vore eksplosjonar i fleire ukrainske byar.

Den siste tida har det vore knytt mykje spenning til kva som skjer på grensa mellom Russland og Ukraina. Russlands president, Vladimir Putin, har hatt omlag 100.000 soldatar plassert ved den ukrainske grensa. Likevel har han sagt at han ikkje ville gå til krig, og ulovleg invadera nabolandet.

Natt til torsdag skjedde det likevel, då Russland invaderte Ukraina. Det har vore eksplosjonar i hovudstaden Kyiv. Fleire andre byar er under åtak.

Dette er eit stort brot på folkeretten, som ifølgje FN er reglar om kva statar kan og ikkje kan gjera mot kvarandre. Formålet med folkeretten er altså å regulera forholdet mellom forskjellige statar.

Les også: Kva skjer i Russland og Ukraina?

Fordømmer åtaket

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under barnas pressekonferanse 15. desember 2021. Foto: Birgitte Vågenes Bakken

Mange av verdas statsleiarar har gått ut og sagt at dei fordømmer åtaket. Noregs statsminister, Jonas Gahr Støre, er ein av desse.

– Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands militære åtak på Ukraina. Dette åtaket er eit alvorleg brot på folkeretten og set uskyldige mennesker sine liv i fare, sier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding som er gjengjeven av NPK.

Han meiner at russiske styresmakter har det fulle og heile ansvaret for å ha ført Europa inn i denne situasjonen.

– Me står saman med folket i Ukraina i denne forferdelege tida, seier statsministeren.

Usikkert kva som skjer vidare

Det er framleis usikkert kva som kjem til å skje vidare.

NRK skriv at t-banestasjonane og busstasjonane i Kyiv er fylte opp av menneske som prøver å komma seg vekk frå hovudstaden og frå heimane sine.

Mange har også stilt seg i kø ved minibankane i byen, for å ta ut pengane sine.

Det har oppstått trafikkorkar fordi folk reiser frå hovudstaden i Ukraina, torsdag 24. februar 2022. Russlands president, Vladimir Putin, starta torsdag ein militær operasjon i Ukraina og åtvara andre land om å blanda seg. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti