Kva skjer i Russland og Ukraina?

Du har kanskje høyrt ein del snakk om konflikt og uenighet mellom Ukraina og Russland i løpet av den siste tida. Men kvifor er dei eigentleg uenige?

Risikoen for at det no kan bli krig mellom Europas største og nest største land er truande.

Russland, som er eit av dei mektigaste landa i verda, har sendt omlag 100.000 soldatar til grensa til Ukraina, skriv BBC.

Nokre meiner at dette er eit teikn på at Russland, med president Vladimir Putin i spissen, har planar om å invadera og ulovleg ta over område i nabolandet Ukraina. Russland seier derimot at dei har sendt soldatar til grensa fordi dei er bekymra for sikkerheita til landet sitt.

Korleis gjekk det så langt at det er fare for at det kan bli krig? Bak uenigheten og konflikten ligg det ei lang historie. 

Kva er historia bak konflikten?

Krimhalvøya markert i raudt, medan resten av Ukraina er gult.
Illustrasjon: Erik Bolstad/Store norske leksikon.
CC BY SA 3.0-lisens

Russland og Ukraina var ein gong ein del av den samme unionen, som heitte Sovjetunionen. Då den kalde krigen enda i 1991, vart unionen oppløyst. Dermed vart dagens Russland og Ukraina to sjølvstendige rike.

Dei to nabolanda har samarbeidd mykje, fordi det er sterke kulturelle band mellom dei. Mange i austlege og sørlege delar av Ukraina snakkar til dømes russisk til vanleg.

Men Ukraina har òg hatt lyst til å ha eit godt forhold til Vest-Europa, og villa samarbeidd med EU. Dette likar Russland dårleg.

I 2013 hadde presidenten i Ukraina sagt at han ville skrive under ei samarbeidsavtale med EU, men så ombestemte han seg. Då vart mange ukrainarar sinte og skuffa, og det var store protestar i landet på starten av 2014. 

Det samme året, annekterte Russland Krim-halvøya i Ukraina. Å annektera betyr at ein tek over eit område i eit anna land og gjer det til sitt eige, sjølv om ein ikkje har lov til det. Mange land i verda sa frå om at dette var forbode og innførte straffetiltak mot Russland, som at dei ikkje ville kjøpe varer frå Krim lenger.

Kort tid etter braut det ut krig aust i Ukraina, og denne pågår framleis den dag i dag. Krigen har ført til at om lag to millionar menneske har måtta forlata heimane sine, og fleire tusen menneske har døydd.

Les også: Presidenten i Russland kan sitje til 2036

Kvifor er det uenighet og konflikt no?

Kjerna i konflikten no, er at Russland vil at Ukraina skal lova at dei ikkje skal bli med i militæralliansen Nato. Russland trur at viss Ukraina blir med i Nato, så vil dei få hjelp frå sterke nasjonar som USA og at dei kan bygga opp eit militært system i Ukraina. Slik sett vil Nato ha mykje hjelp og makt i nærleiken til den russiske grensa. I verste fall trur Russland at dette kan gjera at Vesten set dei ut av spel i eit overraskingsangrep, skriv NUPI Skole.

BBC skriv at forholdet mellom Russland og land som er med i Nato, som mellom anna USA, England eller Noreg, ikkje alltid har vore like godt.

I tillegg meiner Vladimir Putin og Russland at dei to landa av historiske årsaker høyrer saman, skriv NUPI SkoleHan meiner Ukraina ikkje må få eit betre forhold til vestlege land som Russland ser på som fiendar.

Kva er det siste?

Fleire av dei store verdsleiarane i mellom anna USA, Tyskland og Frankrike, har ved fleire høve snakka med president Putin. Joe Biden har advart om at ein russisk invasjon vil føra til trøbbel.

15. februar trekte president Putin nokre av soldatane sine vekk frå den Ukrainske grensa. Samme dag var han i samtalar med Tyskland sin forbundskansler Olaf Scholz, der sistnemnde ifølgje nyheitsbyrået Reuters sa at det er «det er vårt ansvar å hindra krig i Europa».

I ein pressekonferanse i etterkant av samtalen, sa Putin at han ikkje vil at det skal bli krig.

– Vil me dette, eller ikkje? Sjølvsagt ikkje, sa han.

Russlands president Vladimir Putin, venstre, og Tysklands Olaf Scholz under samtalane deira i Kreml i Moskva, Russland, tysdag 15. februar 2022. Foto: Mikhail Klimentyev, Sputnik, Kreml Pool Photo via AP