Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Victoria’s Secret som droppar englane og omfamnar mangfaldet.
Sommaren 2020 vart tre 14-åringar arresterte for å dele ut politiske flygeblad i sibirske Kansk.
Då politiet sjekka mobiltelefonane til gutane skal dei ha funne planar om å sprenge ein Minecraft-kopi av hovudkvarteret til FSB, den føderale tryggingstenesta i Russland.
No er den eine guten dømd for å ha gjennomgått trening for å utføre terrorisme. Det melder RFE/RL.
Les også: Kva skjer i Russland og Ukraina?
Fem år i fengsel
Ein domstol i Sibir har dømt 16 år gamle Nikita Uvarov til fem år i fengsel, skulda for å ha laga sprengstoff og for å ha trent på å utføre terrorhandlingar.
Ifølgje OVD Info, ein russisk menneskerettsorganisasjon, skal gutane ikkje ha vorte sikta for Minecraft-planane direkte, men meldingane deira skal ha vorte brukte som bevis på at dei planla å utføre terrorisme. Det gjeld også meldingane som omhandla Minecraft-planane. Etterforskarane hevda at gutane kritiserte FSB i chatten, las forbodne bøker og laga eigne fyrverkeri, som dei sprengde i forlatne bygningar på heimstaden.
Dei to andre gutane skal opphaveleg ha tilstått og inkriminert den no dømde Uvarov, men dei har seinare trekt vitnemåla sine, melder avisa Meduza.
– Eg hadde ikkje tenkt å sprenge nokon, eg er ikkje ein terrorist, sa 16-åringen i retten ifølgje Meduza.