I eit nytt rettsdokument frå California i USA, kjem det fram at to politibetjentar hadde ein noko dårleg dag på jobben i starten av 2017.
Grunnen? Dei hadde oversett ein samtale om eit ran, fordi dei heller ville fanga ein Snorlax og ein Togetic i det populære mobilspelet Pokémon Go.
Det skriv Gamereactor i ei sak.
Tatt opp på video og mikrofon
I USA har politibetjentar kamera og mikrofon i bilane sine, og nettopp dette gløymde nok dei to betjentane den 15. april 2017. For både kameraet og mikrofonen i bilen deira tok nemleg opptak av korleis det heile utspelte seg.
Dette er eit utdrag av opptaket frå bilen:
- Betjentane fekk anrop om eit ran rett over klokka 18.00. Då seier betjent Lozano at dei berre skal «drita i å sjekka det ut».
- Klokka 18.09 seier den same politimannen at Snorlax hadde dukka opp på kartet.
- På veg til å fanga Snorlax, seier betjent Mitchell at han også har sett ein Togetic på kartet.
- Etter ei stund verkar det som Mitchell fekk fanga Snorlax, sidan han jubla og sa «fekk han». Deretter gjekk turen for å fanga Togetic. Der fanga mikrofonen opp at betjentane mellom anna sa «Ikkje spring vekk, ikkje spring vekk», «fekk han» og «fy flate, mann. Denne tingen kjempar driten ut av meg».
- Då Pokémonane var fanga, reiste dei to betjentane til ein 7-Eleven, der dei skulle avslutta skiftet sitt. Medan dei køyrde dit, fanga mikrofonen opp at betjent Mitchell sa «Eg skaffa deg ein heilt ny Pokémon i dag, kompis».
Nektar for å ha spelt Pokémon Go
Ein skulle kanskje tru at dette var gode nok bevis for at dei to betjentane ikkje gjorde det dei faktisk skulle på jobben denne dagen.
Men trass i bevisa, nektar dei for at dei spelte Pokémon Go i arbeidstida.
The Verge skriv at dei derimot meiner at dei berre hadde hatt ein vanleg samtale. Det spørst om sjefane deira trur på nettopp det.