William og Helga Mari seglar jorda rundt

Statsraad Lehmkuhl seglar verda rundt. Om bord arbeider 18-åringane William Johannes Nysveen og Helga Mari Nordby Liljebakk som lærlingar.

– Det å henge 40 meter over havet er ganske spennande, fortel William Johannes Nysveen.

18-åringen frå Sørumsand er dekklærling på seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Det innber mellom anna å klatre opp i masta, medan skipet seglar dei sju hav. 

Alle snev av høgdeskrekk har han lagt att på land. 

– Personleg, så har det vore utfordrande, for vi er førsteårslærlingar og må lære alt. Det er ingenting som liknar på dette, så det har vore ei bratt læringskurve, fortel William Nysveen. Her er han i riggen på skipet. Foto: Statsraad Lehmkuhl

Jorda rundt

Sidan august 2021 har Statsraad Lehmkuhl vore på One Ocean Expedition. Målet er å spreie kunnskap om havet, og kor viktig det er.

I løpet av tjue månadar skal skipet segle jorda rundt og besøke 36 hamner verda over.  

Det 107 år gamle skipet Statsraad Lehmkuhl har vorte gjort om til eit toppmoderne forskingsfartøy, som samlar inn data kontinuerleg gjennom reisa.
Foto: Malin Kvamme/Statsraad Lehmkuhl

På havet i storm

Helga Mari Nordby Liljebakk (18) kokkelærling i byssa – kjøkenet på skipet.

Helga Mari Nordby Liljebakk har ei uvanleg lærlingtid på jordomsegling. Foto: Statsraad Lehmkuhl

Første gong 18-åringane gjekk om bord på Statsraad Lehmkuhl var i Palau, ein øystat i Stillehavet. Ingen av dei hadde noko erfaring frå seglskute. Det første møtet med jordomseglinga var ei gøy, men krevjande tokt.

– Det var i tyfon-månaden, så det var krevjande i byssa med høge bølgjer og brå sjø. Då lyt ein halde seg på føtene og ikkje falle, fortel Helga.

Det var den einaste etappen der lærlingane vart sjøsjuke.

Berre å håpe ein vaknar utkvilt

Som dekklærling arbeider William vakter både dag og natt, først frå kl. 12 til 18, så frå midnatt til kl. 04. I løpet av arbeidsdagen har 18-åringen både berga segl, sett segl, vaska og rydda på dekk.

– Du får aldri slappa heilt av, for du veit at du skal på jobb igjen om nokre timar. Det er berre å prøve å sove så djupt som råd og håpe at du vaknar utkvilt, forklarar William.

Kokk på havet

Helga arbeider ti timers-vakter i byssa – frå halv sju om morgonen til klokka 19. Mannskapet skal ha både frukost, lunsj, middag og kvelds.

Dei mest slitsame dagane er når bølgjene er høge og havet uroleg. Då er det mykje ein lyt passe på, som å stå breibeint.

Då skipet kryssa Atlanterhavet, opplevde Statsraad Lehmkuhl og mannskapet storm. Foto: Hanna Thevik/Statsraad Lehmkuhl

– Ein brukar mykje meir energi på det. Du lyt passe på når du kan kutte og når du ikkje kan kutte. Du lyt passe på at mat ikkje fell ned. Nokre gongar må ein sleppe alt ein har og halde seg fast.

Når arbeidsdagen er omme, slappar ho av bakarst i skipet, slår av ein prat med nokon eller ved å klatre opp i riggen for å sjå på utsikta.

– På fritida si, så gjer ho det eg gjer på jobb, skyt William inn og flirer.

Av og til freistar William å gjere medelevane sine litt misunnelege ved å sende dei bilete av palmetre og frå arbeidskvardagen på verdshava.
Foto: Ingrid Wollberg/Statsraad Lehmkuhl