Forskar serverte 55.000 år gammalt kjøt i middagsselskap

Middagsgjestene var ikkje heilt einige om korleis den eldgamle bisonen smakte.

Ein kveld i april 1984 møttest eit dusin gjester heime hos paleontolog Dale Guthrie i Alaska. Dei var inviterte i eit middagsselskap litt utanom det vanlege.

På menyen stod nemleg bisonkjøt som var minst 55.000 år gammalt.

Funnen av gullgravarar

Den mumifiserte bisonen Blue Babe vart funnen i Alaska i 1979, medan gruvearbeidarar leitte etter gull. Gruvearbeidarane kontakta University of Alaska Fairbanks, der Guthrie var tilsett og han vart sett på saka.

Kloremerke og avtrykk frå tenner, tydde på at bisonen hadde vorte drepen av løver. Den amerikanske løva er i dag utdøydd, men i istida levde enorme løver i Nord-Amerika.

Bisonen har truleg døydd på hausten eller vinteren, og frose raskt. Difor var det framleis kjøt att på dyret.

Den eldgamle bisonen vart sendt til universitetsmuseet i Alaska, og stoppa ut. Kjøtrestane vart lagt i frysen.

Desse fann Guthrie seinare ut at han ville setje tennene i. 

Foto: Travis/Flickr/CC BY-NC 2.0

Kufjøs eller nydeleg?

Nakkekjøtet frå bisonen vart henta fram og førebudd til middag.

– Då det tina, så gav det frå seg ei umiskjenneleg kjøtlukt, som var blanda – utan at det var ekkelt – med ein svak eim av jorda det var funne i, med eit hint av sopp, skreiv Guthrie seinare om opplevinga.

Kona Mary Lee fekk i oppgåve å lage til det særeigne måltidet. I ein episode av podkasten Every Little Thing frå 2021 fortel ho om den minneverdige middagen.

Ho laga ein gryterett med kvitlauk, lauk, selleri, poteter og mykje vin.

– Det var ei god gryte, heilt til vi tok i bisonen, minnest ho.

Dei fruktige smakane frå vinen, drukna i saltet frå bisonkjøtet. Kjøt som vert gløymt i frysaren i eit tiår vert knusktørt, og kjøt som er nokre titusenår gammalt var ikkje særleg betre.

Ein av gjestene skal ha skildra smaken som «ei blanding mellom eit gammalt kufjøs og gjørme».

Ektemann Guthrie hadde derimot ei anna oppfatning av middagen:

– Det smakte nydeleg, og ingen av oss leid skumle følgjer frå måltidet, skreiv han.