Rory (12) er «smartare» enn Einstein

12 år gamle Rory Bidwell skåra høgare på ein IQ-test enn det ein reknar Einstein og Hawking ville gjort.

– Berre nokre få av spørsmåla var utfordrande og nokre var ganske lette, fortel 12-åringen frå Devon i Storbritannia til avisa The Sun.

EIN «EINSTEIN»: Ein anslår at vitskapsmannen Albert Einstein har 160 i IQ. Rory Bidwell fekk 162 på testen han tok. Foto: Orren Jack Turner, Offentleg eigedom

Rory Bidwell greidde nyleg å få masksummen med poeng på ein IQ-test for dei under 18 år. Ein reknar at dei kjende vitskapsmennene Albert Einstein og Steven Hawking ville skåra 160 på prøven. Rory fekk på si side 162.

Inga førebuing

Rory fekk ikkje vite at han skulle ta testen før same dag, så han hadde ikkje førebudd seg noko spesielt. Det var mora Abi som melde på både seg sjølv og sonen. Ho fortel at Rory var roleg, og til og med tok seg tid til ein dopause undervegs.

– Han er velsigna med ein fantastisk hjerne, og kan løyse problem og hugse informasjon, seier ho til The North Devon Gazette.

Rory sitt favorittfag er matte, og han har lyst til å studere ved universiteta Oxford eller Cambridge når han blir 18.

Allereie som 2-åring skal han ha greidd å pusle eit puslespel med 100 brikker.

Sjølv om han er ein smarting, skildrar faren Rory som ein heilt normal 12-åring, som slett ikkje løyser kvantefysikk på fritida. Han er glad i dataspel og sport, og vil helst bli fotballspelar, ifølgje faren.

Mensa-medlem

No har Rory blitt invitert til å vere med i Mensa, som er ein klubb for folk med særs høg IQ. For å vere med må ein ha 98 prosent eller meir riktig på ein standard IQ-test eller tilsvarande test.

Han er ein av dei yngste medlemmene i klubben. I 2022 greidde 11 år gamle Yusuf Shah òg å få same poengsum som Rory.

Mensas yngste medlem er ifølgje Guinness rekordbok amerikanske Isla McNabb, som blei medlem av klubben då ho var to år gamal.