Mange barn har spørsmål om korona-viruset. Derfor arrangerer regjeringa ein eigen pressekonferanse for barn i morgon klokka 17.00.
Framtida Junior skal vera til stades for å stilla spørsmål på vegne av lesarane våre.
Du kan derfor senda inn dine spørsmål i kommentarfeltet under. Så vel me ut nokre av dei som statsministeren, helseministeren, kunnskapsministeren eller barne- og familieministeren må svara på.
Siste frist for innsending av spørsmål er i morgon, 15. desember kl. 10.00.