– Eit språk treng alle slags tekstar for å vera levande. Me er stolte og glade over at også Tjalle Tjåatsele kan få vera ein del av språkkvardagen til samiske barn, seier omsetjar av det sør-samiske Donald-juleheftet, Anja Labj i ei pressemelding frå Egmont.
Nytt av året er at det blir mogleg å lesa Donald-juleheftet på alle dei tre samiske språka våre. Det norske laget i Arild Midthun, Knut Nærum og Tormod Løking har i mange år hatt suksess med juleheftet, og no kjem dei altså til å nå enno fleire.
Les også: Nils (12) er gjesteredaktør i Donald Duck & co: – Dette er drøymejobben
– Moro lesning i høgtida for alle barn i Noreg
– Me vil at dette juleheftet skal bli lese av heile Noreg, seier Knut Nærum.
Han og Tormod Løkling har skrive historia «Tidsreisetyven», som er å finna i juleheftet. Der tek plutseleg historiske skattar til å forsvinna frå onkel Skrues troférom. Kan Donald og frøken Vable løysa mysteriet?
– Donalds julehefte skal vera moro lesning i høgtida for alle barn i Noreg, og då er det veldig gledeleg at me kan tilby eitt av dei som lesning til barn med samisk som morsmål, seier Tonje Tornes, som er redaktør i Egmont.
Ta Donald-kvissen vår her.