Hjalmar (10) og India (11) er nye programleiarar: – Det er viktig å vera litt streng

Hjalmar Hegvik Ruud (10) og India Dee Roll Kvangarsnes (11) skal testa produkt, besøka fabrikkar og krevja svar frå vaksne i «TV 2 hjelper deg junior» denne hausten.

TV 2 hjelper deg junior
  • Programleiarane Hjalmar og India testar produkt, besøker fabrikkar og krever svar frå ansvarlege vaksne. Dei byr også på ein solid dose leik, humor og ein god hjelpar som heiter Junior. 
  • Første episode vart tilgjengeleg på TV 2 Play 30. september. Nye episodar kjem kvar torsdag.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er like viktig at barn sine forbrukarproblem blir tatt på alvor, som dei vaksne sine, seier Hjalmar Hegvik Ruud (10).

– Barn blir utsette for masse reklame i kvardagen, sjølv om det ikkje er lov. Derfor er det viktig å vita om dei tinga er bra. Me må rett og slett ikkje stola på alt, seier India Dee Roll Kvangarsnes (11).

Hjalmar og India er dei nye programleiarane for «TV 2 hjelper deg junior» – programmet som skal ta for seg tema som barn bryr seg om og lurer på. Eksempel på dette er om maten på McDonald’s blir laga på ein trygg måte og kvifor bursdagsfeiringar er så dyre.

Mykje kult: Hjalmar og India har fått vore med på mykje kult som programleiarar. – Mellom anna har me vore på Ringnes brusfabrikk som var kult, seier India. – Og så var det kult å møta Chris frå FlippKlipp og laga godteri saman med Thaletot, seier Hjalmar. Foto: Espen Solli / TV 2

– Det er gøy å vera streng med vaksne

– Det har vore veldig spennande, me har jo aldri gjort noko slikt før. Det er veldig få barn som får oppleva å vera programleiar, seier India.

Hjalmar er enig, og fortel at jobben har vore kjempegøy. Det einaste som har vore litt utfordrande, var at ikkje alle svara skikkeleg på spørsmåla deira.

– Då måtte me spørja opp att. Eg sa at eg følte at personen ikkje svarte på spørsmålet, seier India.

– Det er viktig å vera litt streng, seier Hjalmar.

– Det er gøy å vera streng mot vaksne, men samtidig må me ikkje vera for streng, seier programleiarane.

Favorittane: India synest at McDonalds-episoden var den kjekkaste episoden å laga, medan Hjalmar trekkjer fram brus-episoden som favoritt. – Den eg likar minst, er bursdagsepisoden. Det er fordi me måtte eta så mykje mat, at me fekk vondt i magen og sovna, seier Hjalmar. Foto: Espen Solli / TV 2

Venner for livet

Både Hjalmar og India beskriv opplevinga av å få prøva seg om programleiar, som noko dei kjem til å ha med seg for resten av livet. Men dei har også fått oppleva at det å vera på tv, er noko som tek lang tid.

– Eg vart veldig overraska over kor lang tid det faktisk tek å laga eit tv-program. Det tar veldig lang tid, seier Hjalmar.

India fortel at ho vart overraska over kor mange kule ting ho og Hjalmar har fått vera med på. Ho innrømmer også at ho undervurderte programmet litt før dei starta å filma.

– Eg syntest at det var eit litt rart program. Men den første dagen me starta å filma tenkte eg, «kvifor tenkte eg det – det er jo så bra!», seier ho.

Før dei starta å filma, kjente ikkje Hjalmar og India kvarandre. Men no er dei blitt skikkeleg gode venner.

– Me gjekk godt overeins frå første dag, og det trur eg har hatt mykje å seia for at programmet er blitt så bra, seier Hjalmar.