Når du er svolten er det kroppen som seier frå at han treng meir energi. Når du et, blir maten broten ned til små delar som kroppen din kan bruka. Nokre næringsstoff gir energi, andre byggjer opp musklar og skjelett eller hjelper kroppen med å halda seg frisk.
Derfor er mat mykje meir enn noko som smakar godt. Han er drivstoffet kroppen treng kvar einaste dag.
Mat ser ulik ut over heile verda
I Noreg er mange vane med brødskiver, poteter eller taco. Andre stader et folk ris, mais, bønner eller nudlar nesten kvar dag.
Kva me et, kjem ofte an på kva som veks der folk bur, klimaet og tradisjonane familien har.
Sjølv om maten ser ulik ut, har alle menneske det same behovet: å få nok mat til å leva og halda seg friske.
16. oktober er Verdas matdag. Dagen skal minna oss om at alle menneske har rett til nok og trygg mat.
Dei fleste av oss kan opna kjøleskapet eller gå i butikken når me er svoltne. Slik er det ikkje for alle.
Krig, tørke, flaum og fattigdom gjer at millionar av menneske ikkje får den maten dei treng. Samtidig blir store mengder mat kasta kvar dag, sjølv om den framleis kunne vore eten.
Ein måte å kasta mindre mat på er å bruka middagsrestar i ein ny rett. Her er ei enkel oppskrift på restepizza.
Oppskrift: Restepizza
Har familien middagsrestar i kjøleskapet? Då kan du laga ein enkel restepizza.
Du treng:
- 2 tortillalefser eller nokre brødskiver
- litt tomatsaus eller ketchup
- litt raspa ost
- grønsaker, skinke, kylling eller andre middagsrestar
Slik gjer du:
- Smør tomatsaus på lefsa eller brødet.
- Legg på ost og det du har att frå middagen.
- Steik i omnen på 200 grader i 8–10 minutt, til osten har smelta.
Kjelder: World Food Day, Helsenorge.no, Helsenorge.no / kostrådene



















