Filip, Lisa, Leah og Malene styrer skulebiblioteket

5. klassingane på Sagvåg skule måtte søka på jobben som skulebibliotekarar. No får dei vera med på å bestemma kva bøker som skal kjøpast inn.

– Det er mykje å gjera på skulebiblioteket, seier Filip Lups (10). 5. klassingen på Sagvåg skule på Stord går tidleg til skulen for å rekka ei økt på biblioteket før skuledagen startar.

– Eg er både trivselsleiar og skulebibliotekar. Då er det travelt, seier han med eit smil.

Populær jobb

Det er ein populær jobb å vera skulebibliotekar.

– Me kan få vera inne i friminuttet når det regnar ute, og kan gå inn før alle andre, fortel Lisa Risnes.

Skulebibliotekarane ryddar bøkene på plass etter alfabetet, og registrerer alle utlån. Faktabøker er éin plass, og engelske bøker ein annan. I tillegg får skulebibliotekarane vera med på å bestemma kva bøker som skal kjøpast inn.

Lisa Risnes, Malene Hansen og Leah Nerhus Bjelland.

Skreiv søknad

Alle som var interesserte i jobben måtte skriva jobbsøknad.

– Me måtte skriva litt om kva me er gode på, og kvifor me ville bli skulebibliotekar, fortel Malene Hansen. Etter søknaden blei dei kalla inn til jobbintervju hos rektor. Der fekk dei fortelja korleis dei kunne gjera ein god jobb på skulebiblioteket.

Jobben har elevane i eit heilt skuleår.

Skrekkglade jenter

Det hender dei unge bibliotekarane får spørsmål om dei har tips til kjekke bøker å lesa.

– Jentene på skulen likar best skrekk, fortel Lisa Risnes. Arnes Svingens Mørke Verden er ein populær serie.

– Nokre gutar er mest interessert i andre typar bøker. Humor og fakta er populært, seier Filip Lups.

Sjå bokfavorittane til dei fire bibliotekarane her!