Sigve (14) har drive bagettbedrift sidan han var 10

Annakvar søndag sel 9. klassingen Sigve surdeigsbagettar til folk i nabolaget. Medan naboane får ferskt brød til helgefrokosten, tener og sparar Sigve pengar.

Surdeig
  • Å bake med surdeig vil seie at ein bruker surdeigsstartar i staden for gjær, for å få deigen til å heve.
  • Surdeigsstartar er ei blanding av mjøl og vatn. Når denne får stå ei stund i romtemperatur over tid blir det danna eit miljø av mikroorganismar i blandinga. Mikroorganismar er levande vesen som består av ei celle. Dette miljøet gjer at deigen hevar.
  • Når ein brukar surdeigsstartar i stade for gjær, tek det lengre tid å heve deigen.
  • Når ein bakar med surdeig, blir det litt syrleg smak på baksten.
Surdeigsstartar. Illustrasjonsfoto: Margaret Jaszowska Unsplash

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Annakvar helg er det bagettbaking som står i fokus for 14 år gamle Sigve frå Oslo. Han driv nemleg bedrifta Bøler Bagetten som tilbyr heimelevering av ferske surdeigsbagettar annakvar søndag morgon.

På laurdagskvelden bakar Sigve ein gigantisk deig, gjerne ved å bruke to kjøkenmaskiner. Denne set han til heving til morgonen etter. Då står Sigve opp i 8-tida søndagen, for å forme den ferdig heva deigen til 30 bagettar. Så må dei steikast.

Når bagettane er ferdige, pakkar Sigve dei ned i sykkelvesker, set seg på sykkelen og leverer til alle som har bestilt. Medan nokre har bestilt éin, har andre bestilt fem. Først i 11-tida på søndagen er alle bagettane levert og Oslo-guten kan ta skikkeleg helg.

Slik har Sigve jobba på i om lag fire år, og det heile starta med morfaren hans og ei blaut, illeluktande guffe.

Lærte av morfar

Ein gong då Sigve og familien fekk besøk av morfaren frå Stavanger, hadde han med seg ein surdeigsstartar. Det er ei klissete blanding av mjøl og vatn som luktar surt, og blir brukt som hevingsmiddel i brød.

– Morfar lurte på om eg hadde lyst til å lære å lage surdeigsbagettar, og det hadde eg jo, fortel Sigve, som den gongen var ni år.

Før dette hadde Sigve bakt litt «eksperimentkaker» der han putta mykje forskjellig oppi ein bolle og håpa på det beste, men også litt bollar og skikkelege kaker. Frå no var det rett nok berre surdeigsbagettar som gjaldt.

Foto: Privat

Frå hobby til bedrift

I starten bakte Sigve bagettar til seg sjølv og familien.

– Ein periode bakte eg kvar dag: Det var surdeigsbagettar til frukost kvar morgon, både vekedagar og helger. Då blei eg lei, ler Sigve, som for lengst har begynt å ete surdeig igjen – berre ikkje like ofte.

Etter å ha bakt surdeigsbagettar ei stund, foreslo foreldra at han kunne forsøke å selje bagettar til naboane – og naboane ville kjøpe. I starten selde Sigve nokre få bagettar kvar søndag, men no sel han som oftast 30 stykke.

– Eg kunne selt fleire, men eg klarer ikkje å lage eller frakte meir enn 30 bagettar.

Den auka interessa trur Sigve handlar om at han etter kvart begynte å bruke Facebook og Instagram til å spreie ordet om bedrifta si og til å ta bestillingar. Medan Sigve legg ut at han har bagettar for sal på Instagram, gjer mora det same på Facebook.

Foto: Privat

Leverer uansett

– I starten selde eg bagettane for 30 kroner per stykk, men no har eg auka til 40 kroner. Eg synest det er greitt når det inkluderer levering.

Sigve leverer alle bagettane med sykkel, og lengda på ruta kjem an på kor dei som bestiller bur.

– Eg må uansett sykle mange kilometer, men heldigvis får eg låne elsykkelen til mamma og pappa. Det har vore eit par gongar han har vore på reparasjon og eg har måtta brukt vanleg sykkel. Det har vore tungt!

Leveringa har også vore utfordrande av andre grunnar.

– Ein søndag i vinter var det 18 minus og eg heldt på å fryse av meg nasen, sjølv om eg var pakka ned i ullundertøy, tre jakker, buff, skjerf og hjelm, fortel 9.-klassingen.

Foto: Privat

Sparer til reise

Men sjølv om det krev ein del av Sigve å drive Bøler Bagetten, synest han det først og fremst er gøy å bake og fint å kunne tene pengar på det.

– Eg tener omtrent 1000 kroner kvar søndag eg har bagettsal. Mamma og pappa sponsar meg med ingrediensane, så lenge eg set halvparten av det eg tener inn på sparekonto.

Akkurat no sparer Sigve til ei reise saman med fadderen sin.

– Kor vi skal, veit eg ikkje. Det har vore snakk om å sjå basketball i USA og så prata vi om fotballtur. Akkurat no veit eg ikkje kva det blir til, men det blir heilt sikkert ei kul reise. Eg har fått spara opp ganske mykje.

Foto: Privat

Kundeservice og disiplin

I tillegg til pengar, lærer Sigve mykje ved å drive si eiga bakebedrift. Éin ting er kor viktig kundeservice er.

– Ved å sykle rundt og selje bagettane møter eg mange hyggelege menneske. Det følest veldig bra å møte store smil når eg leverer baksten, og samstundes kunne vere hyggeleg og hjelpsam tilbake.

Ein annan lærdom Sigve har fått, er disiplin.

– Sjølv om det ikkje alltid freistar å stå opp tidleg søndag morgon og ut å sykle i snøstorm, vel eg å gjere det fordi kundane ventar på bestillingane sine og det løner seg for meg.

Denne lærdommen trur Sigve kjem til å kome godt med når han skal søke jobbar i framtida.

Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Bakedraumar

Sigve har rett nok ikkje planar om å stoppe bagettsalet med det fyrste. Heller det motsette.

– No vil eg utvide. Eg og familien snakkar om å byggje eit bakeri i garasjen, med kjøkenmaskin og to omnar. Det er også planar om at veslebroren min Helmer skal hjelpe til å levere bagettane, slik at eg får ein tilsett. På den måten kan eg bake og selje fleire bagettar.

Sigve har også tenkt tanken at bakebedrifta hans kan bli noko endå større.

– Det er mogleg at eg kan halde på med dette til eg blir vaksen og opne mitt eige bakeri. Kanskje du ein dag ser eit skilt der det står Bøler Bagetten Bakeri.