Søkjer etter postmann på Sørpolen

Ein britisk organisasjon søkjer no etter folk som vil vera postmann på Sørpolen i fem månader. Postkontoret er det mest avsidesliggande i verda.

– Det er den mest magiske plassen i verda, seier Lauren Elliott til BBC.

Ho er ein av dei som sist var postmann på Sørpolen, då ho før koronapandemien var stasjonert i isøydet. Men no opnar moglegheita seg for eventyrlystne britar på nytt – for første gong sidan Elliot var der i 2019.

Arbeidsoppgåvene til dei som får jobben, vil i hovudsak gå ut på å ta vare på historiske bygningar og gjenstandar som er på Sørpolen og i Port Lockroy-basen. Denne basen var den første britiske basen som vart etablert på Sørpolen, men sidan 2006 er den berre brukt som postkontor og museum.

Les også: Pingvinane på Akvariet skal vaksinerast

Skal driva pingvinteljing

Plasseringsmessig er jobben på Goudier Island, og det einaste selskapet ein har i tillegg til kollegaer – er ein haug med pingvinar. Og nettopp pingvinane, kjem arbeidstakarane til å bli godt kjent med i løpet av opphaldet.

GIF: https://giphy.com/

I tillegg til å ta driva gåvebutikken og postkontoret, skal dei nemleg gjera ein pingvinteljing.

– Det var veldig spennande. Me fekk telja alle pingvinane når dei kom til verda. Du må rydda mykje og det er massevis av pingvinbæsj som me kalla guano, men det er aldri tid til å kjeda seg. Sørpolen er ein veldig interessant stad, seier Lauren Elliott.

Tek imot vanlegvis hundrevis av søknader

Krav for å få jobben er at ein må vera britisk, i fysisk god form, vera miljøbevisst og ha kjennskap om korleis ein kan leva livet med så lite som mogleg innverknad på miljøet.

UK Antarctic Heritage Trust, seier til BBC at dei vanlegvis tek imot hundrevis av søknader for desse jobbane.