Mat og kjensler: Når mat blir vanskeleg

Mat og kjensler heng tett saman med kvarandre. Men nokre gonger kan mat bli den einaste måten ein handterer kjensler på. Då må ein få hjelp.

Mat er ein veldig viktig del av livet. Vi et fordi kroppen treng energi til å fungere og leve.

For barn er det spesielt viktig å ete nok – og forskjellig – mat, for å utvikle seg og vekse slik ein skal.

Mat for å feire og trøyste

Men mat er også knytt til kjensler, noko som er heilt naturleg og vanleg. Heilt frå fødselen av får vi trøyst og tryggleik gjennom mat.

Når vi er glade og vil feire noko, gjer vi gjerne det ved å ete ein spesiell type mat. Til dømes et vi ofte pølser og is 17. mai.

Mat er også ein måte ein er sosial på og noko vi kan kjenne på fellesskap gjennom. Det kan mellom anna vere koseleg å bake bollar og ete dei saman med familien på ein regntung søndag.

Men det er ikkje berre som små babyar vi finn trøyst i mat. Når vi er lei oss eller har opplevd noko vanskeleg, er det normalt å ville ete noko godt.

For nokre kan rett nok mat bli ein veldig viktig eller den einaste måten å handtere kjensler på. Slik skal ein ikkje ha det.

Det er hjelp å få

Marianne Clementine Håheim er fagansvarleg for kommunikasjon i ROS. Foto: Privat

– Det finst mange ulike måtar å ha det vanskeleg med mat på. Medan nokre et mindre enn det kroppen treng, kan andre ete mykje meir enn ein ønskjer, fortel Marianne Clementine Håheim som jobbar i ROS.

ROS er ein organisasjon for dei som har problem når det gjeld mat, kropp, trening og sjølvkjensle.

– Dersom mat og kjensler blir vanskelege over tid, kan det påverke helsa.

Derfor er det veldig viktig å snakke med nokon, dersom du kjenner at mat og tankar rundt mat gjer deg bekymra. 

For nokre kan det vere nødvendig å få hjelp til å finne fleire måtar enn mat å handtere kjensler på.

– Snakk med ein vaksen du er trygg på eller ta kontakt med ROS, rår Marianne.

Kjelde: Marianne Clementine Håheim i ROS, tryggikroppen.no