Denne saka var først publisert på Framtida. Der kan du også lesa om Susanne som reddar mat på TikTok og hennar beste tips mot matsvinn.
Har du drøymt om å gå på skattejakt med metalldetektor? Danske Ole Ginnerup Schytz har bevist at det absolutt er mogleg å kome heim med meir enn utgåtte 50-øringar og flaskekorker.
Schytz hadde nettopp skaffa seg ein metalldetektor, og gjekk laus på eigedomen til ein gamal klassekamerat, då han etter berre nokre timar oppdaga ein av dei største gullskattane i dansk historie.
1500 år gamal skatt
Det var i Vindelev i nærleiken av Jelling på Jylland i Danmark at den enorme skatten blei funnen av den ivrige metalldetektorjegeren for rundt åtte månader sidan. Tidlegare i september starta arkeologar utgraving av området.
Arkeologane har kome fram til at skatten var gravd ned i eit langhus for om lag 1500 år sidan. Dei meiner skatten tyder på at Vindelev var eit maktsenter i den seinare jernalderen.
– Berre eit medlem av den absolutte kremen av samfunnet kunne vere i stand til å samle ein skatt som den som er funnen her, forklarar forskingsleiar ved Vejlemuseerne Mads Ravn i pressemeldinga.
Han seier at oppdaginga har bringa med seg ny informasjon, då det ikkje var noko som tyda på at ein mektig, til no ukjent krigsherre eller høvding budde i området.
Skatten inneheld nesten 1 kilo gull, mellom anna i form av romerske myntar, antikke smykke, dekorerte medaljongar, såkalla «bracteates», opplyser Vejlemuseerne i ei pressemelding.
Vulkanutbrot og klimakrise
Grunnen til at skatten blei gravd ned er førebels ikkje kjent.
Mange av dei største gullfunna i Skandinavia er frå midten av 500-talet. Ei oskesky frå eit stort volkanutbrot i år 536 førte til mange år med øydelagde avlingar og hungersnaud. Det kan sjå ut som om skatten Schytz fann med metalldetektoren sin blei gravd ned på denne tida.
Forskarar meiner at klimakrisa i 536 førte til at innbyggjarane i området som i dag er Danmark forkasta dei gamle herskarane og gravde ned mykje gull, kanskje for å gøyme det frå fiendar eller for å blidgjere gudane.
Det er funne over 40 kilo gull frå jernalderen, men storleiken, mengda og detaljane i funnet frå Vindelev er ifølge Vejlemuseerne unike.
Kanskje det er på tide å skaffe seg den metalldetektoren likevel?