Vil du gje meir pengar til forsking på sjukdomar?
JONAS: Ja, forsking er veldig viktig for å utvikla samfunnet vårt vidare. Me treng for eksempel nye måtar å behandla sjukdomar og nye medisinar på. Me vil også at sjukehusa skal forska meir, slik at me kan gje den beste behandlinga til folk. Me vil særleg styrka forskinga på kvinnehelse, for kvinner si helse har over mange år blitt forska for lite på.
ERNA: Ja, forsking på sjukdomar er svært viktig, så det meiner eg me må gje endå meir pengar til. Regjeringa har mellom anna gitt meir pengar til forsking på sjukdomar som i hovudsak rammar kvinner og til forsking på sjeldne sjukdomar. Dette arbeidet vil me halda fram med.
- LES MEIR: OM KLIMA: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål
- LES OGSÅ: OM SKULE: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål
Korleis vil du hjelpa barn og unge som hatar kroppen sin?
JONAS: Det er utruleg vondt å høyra om barn og unge som hatar kroppen sin. Det er to ting me vil gjera. For det første vil me førebyggja, altså passa på at barn og unge ikkje byrjar å hata kroppen sin. Me må gjera det me kan for å dempa kroppspress. For det andre må me ha stadar der du kan få hjelp, både dersom du slit litt eller om du har det veldig vanskeleg.
ERNA: Mange unge er misfornøgde med kroppen og utsjånaden sin. Derfor har regjeringa stramma inn lovverket slik at barn og unge ikkje blir utsett for skjønnheitsideal som gjer at dei ønskjer å endra friske og flotte kroppar, enten ved å operera seg eller slanka seg. Me har også endra lova slik at ein må merka retusjert reklame som endrar utsjånaden til personar og som derfor bidreg til å skapa falske kroppsideal.
Meiner du at barn under 12 år bør få koronavaksine?
JONAS: Me vil lytta til fagfolka som ser på dette. Det viktigaste er at borna er trygge.
ERNA: Me i regjeringa har sagt at alle som er i alderen 12 til 15 år skal få tilbod om ein vaksinedose. No må me først sjå korleis det tiltaket fungerer. Eg meiner det er viktig at barn blir høyrd i desse spørsmåla. Me som er vaksne må sørga for at så mange barn som mogleg kan vera på skulen saman med venene sine, samtidig som me held smitten nede.
Kva vil du gjera for barn og unge som slit psykisk?
JONAS: Altfor mange barn slit med psykiske plagar, og det uroar meg stort. Psykisk uhelse må me førebyggja før folk vert sjuke. Me vil ha fleire lærarar, helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar, som du kan snakka med før det vert så alvorleg. Me vil også ha gode digitale tilbod, slik at du kan snakka eller skriva med helsepersonell trygt via internett, enten du slit lite eller mykje. Så er det veldig viktig at folk får skikkeleg og god hjelp frå dyktige fagfolk raskt, slik at dei ikkje vert sjukare medan dei ventar.
ERNA: Det er barn og unge sjølv som er nærast til å fortelja korleis kvardagen opplevast for dei. Eg meiner noko av det viktigaste me kan gjera for dei som slit psykisk, er å lytta. Me må også sørgja for at barn og unge får medverka i avgjersler som gjeld behandling av eiga psykisk helse. Regjeringa har lagt ein plan for korleis me best kan hjelpa barn og unge som slit psykisk. Der er medverking i eigen kvardag eit viktig punkt. I framtida vil me bruka endå meir pengar på barn og unge si psykiske helse.
Kva vil du gjera for å hjelpa barn som blir utsett for vald og overgrep?
JONAS: Alle barn skal ha det trygt og godt, og ingen skal utsetjast for vald og overgrep. Me må førebyggja, for eksempel ved å læra barn om kva som er greitt og ikkje, slik at dei kan seie ifrå til nokon trygge vaksne dersom dei vert utsett for vald og overgrep. Så er det viktig at lærarane, dei i barnehagen og andre som jobbar med barn kan hjelpa. I tillegg er det veldig viktig å stoppa dei som brukar vald eller utsett andre for overgrep. Barna skal vera trygge!
ERNA: Regjeringa har sett i gong mange og omfattande tiltak for å hjelpa barn som blir utsett for vald og overgrep. Me har òg styrka arbeidet med overgrep mot barn på nett. Alle gode krefter må stå samla i kampen mot at barn og unge skal bli utsett for vald og overgrep. Eg og regjeringa vil forsetja å jobba for at politiet, barnevernet og skulen skal arbeida saman for å hindre overgrep mot barn og unge.