OM KLIMA: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål

Me har fått svar frå statsministerkandidatane på spørsmåla de har sendt inn! Her kan du lese svara me fekk frå Jonas Gahr Støre (Arbeidarpartiet) og Erna Solberg (Høgre) om klima.

Kva tenkjer du om klimarapporten frå FN?

JONAS: Å løysa klimakrisa er det viktigaste me gjer. Klimarapporten viser oss kor alvorleg situasjonen er. Eg har to barnebarn på to og fem år. Dei skal leva lengst med klimaendringane. Når eg er ute i naturen og går på tur med barnebarna mine, så tenkjer eg på deira framtid og at eg vil gjera alt eg kan.

ERNA: Eg tar klimarapporten frå FN på djupaste alvor. Klimakrisa er den største utfordringa verda står overfor i dag. Me som er vaksne har eit viktig ansvar, nemleg å etterlata eit samfunn som er ein god stad å bu for dykk som kjem etter oss. Regjeringa har lagt ein plan slik at Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

Kva vil du gjera for at me unngår ei klimakrise?

JONAS: Det er viktig å få alle saman med på laget i kampen mot klimakrisa – dette må me løysa saman. Om me vinn valet kjem det til å vera noko eg og regjeringa må jobba med kvar einaste dag. Me vil gjera meir for klimaet. Me vil kutta utslepp raskt og det må alle som bur og jobbar i Noreg hjelpa til med. For oss er det viktig å også skapa nye, grøne jobbar. For klimapolitikk må også vera rettferdig, slik at dei som har minst ikkje får endå mindre grunna klimatiltaka og at folk ikkje mistar jobben.

ERNA: Viss me skal unngå ei klimakrise, må me kutta utsleppa. Eg og regjeringa har sett som mål at Noreg skal kutta utsleppa med 50–55 prosent innan 2030, og med 90–95 prosent innan 2050. Me vil at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Men om me skal lukkast med det, må alle – både barn og vaksne – bidra til å kutte utslepp der me kan.

Kan me få mat som bøndene ikkje kan selga til skulen vår – slik at det blir mindre matsvinn?

JONAS: Me vil at alle elevar skal få eit sunt og enkelt skulemåltid kvar dag. Skulane skal få organisera dette slik det passar for dei. Eg synest det verkar som ein god idé at dei også kan bruka mat som kanskje elles ville blitt kasta. Ein kan jo laga veldig mykje godt, sjølv om maten er gått ut på dato eller ser litt rar ut.

ERNA: Ja, det synest eg. Men berre viss bøndene vil det sjølv og maten fortsatt er bra. Regjeringa har gjort det enklare for bønder å selja mat og drikke dei produserer på garden sin. Me har òg gjort det lettare for bønder og andre produsentar å gje bort maten dei har til overs.

Kva synest du om all maten som blir kasta av butikkane og produsentane?

JONAS: Mat er meint å bli eten, ikkje kasta. Det er eit ansvar for alle, både bonden, butikken og oss som kjøper den. Me vil ha ei lov mot at butikkar og restaurantar kastar etande mat.

ERNA: Me kastar mindre mat enn tidligare. Det er veldig bra! Me kan alle bli flinkare til å kasta mindre mat. Derfor synest eg det er bra når butikkar og produsentar sel mat som er i ferd med å gå ut på dato til halv pris. Slike og liknande tiltak håpar eg me får meir av i framtida. Regjeringa jobbar også med ei lov som vil gjere det vanskelegare for butikkar å kasta mat, men den er ikkje heilt klar endå.

Kva vil du gjera for at insekta ikkje skal forsvinna?

JONAS: Me må ta vare på naturen som insekta lever i. Mange insekt gjer ein viktig jobb for menneska. Biene hjelper oss mellom anna med å dyrka frukt og bær. Om me får styra landet, skal me ha en politikk som vernar om naturen og tek vare på bier og andre insekt.

ERNA: Ville insekt, som humler og bier, er livsviktige for menneska. Derfor har eg og regjeringa lagt fram ein plan med 24 tiltak som skal å sikra at insekta ikkje forsvinn. Eit tiltak er å gi tilskot til bønder som dyrkar blomster langs jorda sine, slik at insekta får nok mat. No er me oppe i nærare 4000 blomstrande kilometer til glede for både insekt og folk.