Dette er Noregs neste statsminister: – Me klarte det

Etter åtte år med borgarleg regjering i Noreg, blir det no regjeringsskifte. Jonas Gahr Støre kjem etter alt å dømma til å bli statsminister.

– Me har venta, me har håpa og jobba så hardt, og no kan me endeleg seia: «me klarte det».

Det sa Jonas Gahr Støre til dei som hadde samla seg til Arbeidarpartiets valvake i Oslo i går. Ei valvake er når medlemmane i partiet samlar seg for å følga med på resultata av avstemminga, sidan det kan ta fleire timar før alle stemmene er talde.

Når 99 prosent av stemmene frå stortingsvalet no er talt opp, viser tala at Arbeiderpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og SV har fleirtal på Stortinget. Dei fire borgarlege partia Høgre (H), Framstegspartiet (Frp), Venstre (V) og KrF mista fleirtalet sitt.

Derfor må statsminister Erna Solberg (H) gå av etter åtte år ved makta, skriv NRK. Noreg kjem til å få ei heilt ny regjering, med nye ministrar.

– Valdagen er litt som julaftan når ein er fem år

– Om desse tala held heilt inn er det eit tydeleg signal frå folket i Noreg om at dei vil ha ei Arbeidarparti-regjering og kaste høgrepartia, seier Astrid Willa Eide Hoem på telefon til Framtida.no i går kveld.

AUF-leiaren var på valvaka til moderpartiet i Folkets hus i Oslo, og kunne fortelja at stemninga i salen var «veldig, veldig god».

Då Hoem stod opp i går var ho likevel nervøs:

– Valdagen er litt som julaftan når ein er fem år. Ein ventar og ventar og ventar til klokka er 21, seier AUF-leiaren.

Gaute Børstad Skjervø t.v og Astrid Willa Eide Hoem på
Arbeiderpartiets valvake i Folkets Hus i Oslo. Foto: Javad Parsa / NTB