OM SKULE: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål

Me har fått svar frå statsministerkandidatane på spørsmåla de har sendt inn! Her kan du lese svara me fekk frå Jonas Gahr Støre (Arbeidarpartiet) og Erna Solberg (Høgre) om skule.

Kva meiner du om gratis skulemat?

JONAS: Skulemat er sunt, bra for læring og byggjer gode, inkluderande fellesskap. Arbeiderpartiet vil at alle elevar skal få eit sunt og enkelt skulemåltid kvar dag, med brødmat, mjølk, frukt og grønt.

ERNA: Eg meiner at det er andre ting som er viktigare enn gratis skulemat. Til dømes gode lærarar og moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Derfor har regjeringa satsa på det, i staden for gratis skulemat.

Synest du me bør ha heimelekser?

JONAS: Ja, Arbeiderpartiet vil at me halda fram med heimelekser, men meiner unødvendig leksepress i skulen må dempast. Me vil at leksene som hovudregel gjerast i løpet av skuledagen. Lekser kan gjera at du lærer meir, men det må ikkje bli til eit leksepress. Me vil ha gode lekser, som ikkje tek for mykje tid.

ERNA: Ja, det synest eg. Heimelekser er ein god måte å læra på.

Kvifor leikar me så lite på skulen?

JONAS: Skulen har blitt veldig opptatt av å måla elevane, gjennom testar og karakterar. Det er dumt, for då gløymer ein kor mykje barn lærer og utviklar seg gjennom leik. Me vil ha fysisk aktivitet på skulen kvar dag, og ha meir tid til leik i skulen – det er òg bra for læring!

ERNA: Me er på skulen for å læra og bli god i lesing og rekning og andre ting. Det er også friminutt på skulen der ein kan leika og vera i aktivitet saman. Det er masse tid til leik og moro når ein ikkje er på skulen.

Kvifor er det så kaldt i klasserommet på vinteren?

JONAS: Klasseromma skal ikkje vera kalde. Nokre skular er nye, og andre er gamle. Gamle bygg held som regel dårlegare på varmen, for eksempel fordi dei er dårlegare isolert. Derfor er det viktig at kommunane har god økonomi slik at dei kan bygga nye skular, og pussa opp dei som er gamle. Me vil gje meir pengar til kommunane.

ERNA: Viss det er kaldt i klasserommet på vinteren, er det viktig å seia ifrå til læraren, slik at han eller ho kan gjera noko med det. Samtidig er det slik at ikkje alle likar å ha det like varmt, så nokre gonger kan ein ta på seg ein varm gensar om ein frys, i staden for å setja opp varmen.

Kvifor har me ikkje kantine og varm mat på skulen?

JONAS: Det kostar ofte mykje pengar. Arbeiderpartiet vil derfor ha eit sunt og enkelt skulemåltid gratis for alle elevane – det kan jo vera godt sjølv om det ikkje er varm mat.

ERNA: Nokre skular har kantine på skulen, men ikkje alle. Eg meiner matpakka er like god som varm mat, og at det er viktigare at barn og unge har gode lærarar på skulen enn kantine og varm skulemat.