Oskar og Josefine vann MGPjr 2021: – Eg håpar me har smitta mange med song og glede

Med låta «Smitte deg med glede», tok Oskar og Josefine seg heilt til toppen av sigerspallen i årets MGPjr. Begge omtalar dagen som den beste dagen i livet.

Josefine og Oskar med MGPjr-statuetten. Foto: Privat

– Det var heilt fantastisk, og noko som var kjempegøy å oppleva. Å vera med på MGPjr har vore ein av mine store draumar heilt sidan eg var veldig liten, seier Josefine (8).

Oskar (9) nikkar enig.

– Det var veldig gøy! Eg hadde aldri trudd at me skulle vinna. Det har vore veldig, veldig gøy å bli kjent med dei andre finalistane og få bli med på dette, seier han.

På laurdag vart dei to vennene frå Kristiansand kåra til vinnar av årets MGPjr med låta «Smitte deg med glede». Både melodi og tekst har dei laga heilt sjølv, og dette er den første gongen dei lagar ei låt.

– Det tok ganske lang tid. Vi traff kvarandre ein del, skreiv ned orda og fann ein melodi som me tok opp på telefonen og sendte til kvarandre, seier dei.

Her kan du sjå musikkvideoen til «Smitte deg med glede»:

Smitte med positive ord

Artist-duoen fortel at låta er inspirert av korona og alt som endrar seg.

– Den handlar om at me må smitta kvarandre med positive ord – og ikkje med korona, seier Oskar.

– Eg håpar at me har smitta mange med song og glede, seier Josefine.

Begge fortel at det siste året har vore rart, og at det er mykje dei ser fram til når verda er tilbake til normalen.

– Det har jo vore kjedeleg, sidan me ikkje kan klemma og vera så mykje saman med andre. Samtidig har me fått gjera veldig masse kjekt i forbindelse med MGPjr, så me er heldige, seier Josefine.

– Me gler oss til å klemma kvarandre! Og til at me kan gå nær kvarandre, og ikkje tenka på ein- eller to-meters-regelen, seier Oskar.

Josefine og Oskar på scena. Foto: Privat

Den beste dagen i livet

Både Josefine og Oskar omtalar finaledagen som eit høgdepunkt så langt i livet, og dei vil takka alle som har heia og stemt på dei.

– Laurdag er nok den dagen eg hugsar best frå heile livet, seier Josefine.

– Ja, det er den beste dagen i livet mitt også. Me sang for fleire hundre tusen menneske. Eg var litt nervøs, men ikkje så veldig, seier Oskar.

Allereie i sommar ventar nye utfordringar for dei to artistane.

– Me skal mellom anna vera med på Allsang på Grensen. Det blir kjempegøy, seier Oskar.

Det er tydeleg at MGPjr har gjort at dei to vennene har lyst å satsa på musikken, også når dei blir vaksne.

– Eg har veldig lyst til å bli med på MGP for voksne, seier Oskar med eit stort glis.

Dei to vennene ler og smiler.

– Eg har veldig lyst å bli med på forskjellige musikalar, seier Josefine.