Dronar gjer det lettare å frakta vaksinen til fjerntliggjande område, som normalt sett er vanskeleg å nå. I Ghana er det for første gong no blitt levert vaksiner ved hjelp av dei.
Leveransane vert utførte av det amerikanske firmaet Zipline, som byrja å levera blod og medisinar i Rwanda i 2016. Sidan den gong har selskapet utvida verksemda til Ghana i 2019 og til USA i 2020. Det skriv The Verge.
I samarbeid med WHO (Verdas helseorganisasjon), har Zipline levert 11 000 vaksinedosar i løpet av nokre dagar. Dei har planar om å levera 2,5 millionar dosar til det afrikanske landet i løpet av det kommande året.
Kan garantera levering ved hjelp av dronar
– I Ghana kan me garantera for levering av vaksinen til alle helseanlegg og sjukehus i landet, for låge kostnader og med høg pålitsgrad, seier Zipline sin administrerande direktør, Keller Rinaudo til The Verge.
Zipline har fire distribusjonssenter i Ghana, som har både droneflyplass og medisinsk lager. Dronane flyr til utvalgte destinasjonar, slepper ned pakkar med vaksiner og returnerer til senteret.