Noreg har mange ubrukte koronavaksinar – men ingen vil ha dei

Titusenvis av koronavaksinar som ligg på norske lager, blir truleg kasta fordi lavinntektsland ikkje vil ha dei, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Planen var å donera vekk vaksinar som vart til overs – til land som ikkje har så god økonomi som Noreg.

– For første gang i pandemien overstig no tilgangen etterspørselen etter koronavaksinedosar. Dette gjeld dei fleste land i EU, også Noreg,  skriv FHI på nettsidene sine.

Vaksinedosar som ikkje kan brukast i Noreg, må derfor kastast. Det har allereie skjedd med nærare 140.000 dosar, ifølgje NTB.

GIF: Giphy.com