Malawi vaksinerer millionar av barn mot polio

I februar blei det oppdaga villpoliovirus hos eit barn i Malawis hovudstad Lilongwe. No skal 2,9 millionar barn få vaksine.

Malawi har ikkje registrert at nokon har vorete sjuke med polio sidan 1992, og blei offisielt erklært poliofritt i 2005. Heile Afrika blei erklært poliofritt i 2020, ifølgje NTB.

Kva er polio?

Polio er ein akutt smittsam infeksjon med poliovirus. Viruset kan gje lammelsar og rammar særleg barn under fem år, skriv ABC Nyheter.

Polio har vore ein frykta sjukdom i store delar av verda, men takka vera effektive vaksinar, er sjukdommen no i ferd med å bli utrydda.

GIF: Giphy.com