Disney sitt miljøfilmselskap skal i mars og mai filma på Svalbard, då Sysselmannen har gitt løyve til 20 helikopterlandingar på ulike isbrear der, skriv Framtida.
Sysselmannen er regjeringen sin øvste representant på Svalbard.
Filmen skal dokumentere utfordringane som følgje av klimaendringane, skriv Svalbardposten.
Dei ulike breane det er lov å landa på er Negribreen, Kvalbreen og Kongsvegen, og løyvet føreset at dyr og fuglar ikkje blir forstyrra.
Det føreset også at naturen ikkje får varige spor som følgje av filminga.