Dette treng du:
- Lim
- Skjel frå stranda
- Sytråd
- Lærartyggis
- Frysestrips eller ståltråd
Slik gjer du:
- Bruk det største skjelet som kjole, og to litt mindre som vengjer. Lim dei saman som vist på bilete.
- Rull ei rund kule av lærartyggisen – som skal bli til engelen sitt hovud. Lag ein liten spiss på den eine sida av kula, slik at du får pressa hovudet fint på plass mellom skjel-vengjene.
- Lag ein glorie av frysestrips eller ståltråd, og fest denne på baksida av hovudet.
- Heng engelen i vindauga eller på juletreet.