Julekalender luke 24

Hurra! Endeleg er det julaften! I dagens kalenderluke får du tips til korleis du kan lage kjempefine bordkort til julemiddagen på 1-2-3.

Du treng: 

  • Limpistol
  • Litt sløyfebånd
  • 3 sukkerstenger til kvart bordkort
  • Små lappar du kan skrive namn på
  • Tusj til å skrive med

Slik gjer du:

Lim saman tre sukkerstenger med hanken bøygd utover ned mot bordet.

Skriv namn på kortet og sett det opp i to av hankane på sukkerstengene.

Så er det berre å halde fram med å lage fleire til alle julegjestene har fått bordkort som viser kor dei skal sitje.