Julekalender luke 22

Kven får mest pakkar i pakkeleiken?

Matte-Malene elskar å ha pakkeleiken i jula. Då ligg det mange pakkar på bordet, og den som triller seks med terningen kan ta seg ein pakke.

Mari, Magnar, Johannes, Godmor og Bestemor er med. Godmor får seks pakkar, Johannes får fem, Mari og Magnar fire, Matte-Malene og Bestemor får tre.

NÅr alle pakkane er tatt, så er det om å gjera å ta flest pakkar før tida er ute.

Matte-Malene tar to pakkar frå Godmor og ein frå Johannes. Mari og Magnar tar kvar sin pakke frå Johannes og kvar sin pakke frå Matte-Malene. Så tar Godmor ein pakke frå Mari og Johannes ein pakke frå Godmor.

Kven har flest pakkar igjen? Svar under, og ver med i trekkinga av fine premiar!