Nasjonaldagen er viktig for samefolket, på same måte som at 17. mai er viktig for resten av Noreg. Både samar og ikkje-samar feirer denne dagen.
- KVISS: Lihkku beivviin!
Vi feirar dagen for dei samiske rettane samefolket har kjempa fram gjennom historien. Denne dagen viser samane stolt fram kulturen gjennom kleda, musikken, maten og kunsten – og ikkje minst rettane dei har kjempa for.
Viktige fakta om samefolkets dag:
- I 1917 blei det fyrste samiske landsmøtet heldt i Trondheim. Det var fyrste gong samanane var samla for å arbeide for felles samiske saker over nasjonalstatsgrensene, mellom Noreg, Sverige, Finland og Russland.
- Samane sitt flagg har fargane raudt, blått, gult og grønt. Sirkelen i flagget er i fargane blått og raudt. Det blå representerer månen, og det raude representerer sola. Det gule og grøne skal forestilla naturen og dyra i samisk kultur.
- Kofta er fargerik i fargane som ein også ser på sameflagget. Desse er forskjellige får plass til plass. Akkurat som den typiske bunaden. Sølja i halsen, som kan minne om ei bunadsølje, blir større etterkvart som ein blir eldre.
- Samefolkets dag er ein felles dag for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
- Grunnlova frå 1814 ekskluderte samar frå politisk deltaking. I 1821 blei Grunnlova endra, og samar i Finnmark fekk stemmerett ved stortingsval.
- I Noreg er det tre variantar av det samiske språket: Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk
Tips til korleis du kan feire dagen:
- Lytt til samisk musikk på YouTube, Spotify eller ein anna musikkteneste.
- Teikne og fargelegg det samiske flagget.
- Sjekk ut Matstart.no for oppskrifter på samiske rettar du kan lage til middag.