«Avlyst på grunn av sorg»: Startar ordinært – men så blir historia spesiell og spanande

BOKKALENDER: «Avlyst på grunn av sorg er Magnhild Bruheim sin nyaste ungdomsroman.

FAKTA
  • Avlyst på grunn av sorg
  • av Magnhild Bruheim
  • Samlaget 2019
  • Ungdomsroman
LES FAKTALUKK FAKTA

Tidlegare har Magnhild Bruheim mellom anna skrive dei populære bøkene om Stian og Stine. Avlyst på grunn av sorg handlar om Eline, som blir dumpa av kjærasten Jonas. Når Eline finn ut kven Jonas sin nye kjærast er, blir det endå vanskelegare for ho å takle sorga. Dette er grunnlaget til alt som skjer i boka, og i den første delen av boka får ein inntrykk av at forteljinga er ganske ordinær. Men så byggjer det seg opp ei heilt anna historie, og boka vert meir spesiell og spanande.

Eline skal byrje på vidaregåande og gler seg til å gå på skule saman med kjærasten Jonas. Då Jonas fortel den sjokkerande sanninga, spring Eline inn i skogen. Der treff ho ein gut som lever aleine i telt og utan mobiltelefon. Eline blir nysgjerrig på denne guten, og kjem fleire gongar til skogen.

Guten fortel meir og meir, og etter kvart byrjar Eline å lure. Er guten farleg? I tillegg har ho mykje anna å tenkje på. Ho finn ut kven Jonas har vorte saman med, og må avlyse sekstenårs-bursdagsfesten. Sorga og problema til Eline vert endå større. Vil ho klare å byggje opp att sitt eige liv igjen?

Boka er skriven på nynorsk, men nokon plassar dukkar det opp bokmålsord. Boka er middels tjukk og går ganske raskt å lese. Eg vil seie ho passar for 11-15-åringar.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy