Framtidajunior Authors Posts by Ragnhild Tonning

Ragnhild Tonning

identicon
Ragnhild Tonning
Eg heiter Ragnhild, og er elleve år. Eg kjem frå Oslo, har budd i Fredrikstad og Eikefjord. No bur eg i Sandalen i Jølster kommune, og der likar eg meg godt. Mi beste leseoppleving var nok då eg byrja å lesa Harry Potter. Etter at eg hadde lese heile serien, las eg den to gonger til. Eg elskar bøkene. Favorittsjangeren min er definitivt fantasy, eg berre elskar å fordjupa meg i magiske, fatasifulle og skumle verder. Eg les det meste, men du ser meg sjeldan med ei krimbok i hendene. Det blir for realistisk for meg. Ei god bok for meg er ei bok med gode og detaljerte skildringar, karakterar som ein trur på, og ho må bli raskt spennande. I tillegg må ho leva opp til sjangeren ho er skriven i og forventningane til lesaren. Viss det er ei humorbok må ho vera morro, er det ei fantasybok må ho vera magisk og fantasifull osv. På fritida driv eg med mykje ulikt, mellom anna teiknar eg, skriv historier og hoppar høgde.
804FollowersFollow
2,846FollowersFollow

Small Ad

small ad!!!