Heimbygda feira MGPjr-vinnar Oselie

Over 1000 personar tok turen til operahuset på Nordfjordeid for å feira Oselie Henden (14), etter at ho vann MGP-junior i helga.

– Det er veldig kjekt at så mange har kome her for å feira meg. Det var veldig gøy å stå på scena og sjå at folk song med og kunne songen min, seier Oselie Henden til NRK.

Like før klokka 19.00 i måndag kveld gjekk ho på scena for å framføre vinnarlåta si «Verda Vår». Jubelen frå salen var massiv.

VILDE OG ANNA: Det har gått to dagar sidan Oselie vann MGP-junior med låten «Verda vår» som er inspirert av flyktningkrisa. Laurdag fekk ho overrekt prisen av Vilde og Anna, som vann i fjor med låten «Vestlandet». FOTO: SVEIN NESBAKK

– Det var kult og ho var veldig flink. Det var veldig spesielt å kunne gje trofeet vidare til ho, seier Vilde og Anna som vann MGPjr i fjor.

I forkant var eit av deira beste tips til Oselie at ho måtte nyta det.

– Eg har prøvd det og dei sa at det kom til å gå fort. Men at heile veka i forkant og dei to timane med direktesending på laurdag skulle gå så fort, det hadde eg ikkje trudd, seier Oselie, før ho gjorde seg klar til å framføra låten si.

 

OVER 1000: I overkant av 1000 personar møtte fram i operahuset. FOTO: Svein Nesbakk