Har laga sin eigen jordfabrikk

Syskena Vera (10), Harald (8) og Olivia Kleppe (5) er glad dei har varmkompost i hagen. Komposten gjer at dei kastar mindre mat, og får supergod jord til kjøkkenhagen.

– Det er bra med kompost! Vi får produsert jord vi kan bruke sjølv og det blir mindre avfall, seier Vera. 

– Jorda bruker vi til å lage planter med, fortel Olivia.

Familien har hatt kompost i fire år.

RØRE: Vera er gamal nok til å vere med på å røre i komposten. Foto: Privat

– Alle kan få dette til, seier Ida, som er mammaen i huset. Ho tek seg av strøet ein må ha med jamne mellomrom. Ho passar også på å røre i komposten.

– Vera er gamal nok til å vere med på å røre. Elles er alle barna med på å sortere matrestar, slik at vi veit kva vi skal gje til hønene og kva som skal i komposten, seier Ida.

Mykje mat i hagen

Familien dyrkar all slags grønsaker og bær i hagen. Når dei skal plante noko, bruker dei jord, kompost og gjerne ein dæsj hestemøkk. 

– Vi fekk kjempestore agurkar i sommar, fortel Olivia. 

– I tillegg til agurkar har vi poteter, tomater, salat, bær, rips, blåbær, plommer, solbær, bringebær, jordbær, lauk, purrelauk, sukkererter og brokkoli, ramsar Vera opp.