Kva er kompostering?

Kompostering er eit godt klimatiltak som du kan gjere saman med ein vaksen i familien.

Smart kompostbinge

Det aller beste er sjølvsagt om du ikkje kastar mat i det heile. At vi et opp den maten som familien har heime, og nyttar luktesansen for å kjenne om maten er god. Då må familien planlegge godt, og ikkje handle meir enn ein må. Men om det skulle bli restar, som familien ikkje kan ete, er ein kompostbinge god å ha.

LES FAKTALUKK FAKTA

Det finst fleire typar kompost. Denne oppskrifta er for varmkompost i isolert binge.

Dette kan du varmkompostere:

  • Du kan kompostere både potteplanter, frukt, meieriprodukt, grønsaker, kaffigrut, mugne brød og gamle middagsrestar.
  • Ved å kompostere matavfallet heime, sparar vi miljøet for avfall og transport. Med ein isolert binge kan vi omdanne matavfallet til gjødsel til hagen.

LES MEIR: Syskena Vera (10), Harald (8) og Olivia (5) har laga sin eigen jordfabrikk

LES MEIR: Kastar enormt mykje

Dette kan du ikkje varmkompostere:

  • Aske, kjemikalier, støvsugarposar, metall, plast, glas, bomull, bomullspinnar, bleier, bind og tampongar.

Slik varmkomposterer du:

  • Legg eit lag med grov kvist i botnen. Gjerne 10-15 cm. Det sikrar at det kjem luft nedanifrå.
  • Dekk kvistane med aviser.
  • Start med å legge litt frukt, gras og grønsaker. Pass på å fylle på strø også. Cirka ein del strø og tre delar matavfall. Rør litt når du har oppi matavfallet.
  • For å få til god nedbryting må du blande inn tørt kompoststrø. Det kan du kjøpe, eller lage sjølv av opphakka kvistar og greiner.
  • Etter 2-3 veker med berre grønsaker, frukt og gras, kan du starte å kaste kjøt og fisk oppi bingen også.
  • Når bingen er full og du skal tømme den, kan du så litt karse for å sjekke at komposten er klar. Viss karsen veks, er komposten klar.
  • Etter du har tømt bingen legg du matavfall som ikkje er blitt jord attende i bingen. Hugs å legge grov kvist nede i botnen slik du gjorde fyrste gong. Resten legg du i ein haug i 2-3 månadar før du kan bruke jorda som gjødsel.

TIPS: Kor skal bingen stå?

  • Ein stad der vatnet som kjem ut av bingen kan renne ned i jorda
  • Ikkje i solsteiken
  • Ikkje på asfalt eller heller
  • Ikkje for nær huset, men ikkje for langt vekk heller

TIPS: Problem med lukt eller insekt? Slik løyser du det:

  • Viss det vert dårleg lukt etter lite varme i bingen er det ofte mangel på luft. Då må det rørast!
  • Finn du insektegg eller larver så bland dei godt ned i avfallet.
  • Er det bananfluger i bingen, spyl under lokket. Hell på urin eller sukkerlake.
  • Er det maur i bingen, tøm vatn i og kast meir avfall oppi.

Kjelde: Miljøgilli/Fremtiden i våre hender