På Kanariøyane finst det ei strand med kvite korallar som er skylt opp frå havet. Desse korallane liknar på popcorn, skriv Kids News. Difor har stranda fått namnet Popcorn Beach eller Popcorn Bay. Det tyder “Popcorn strand” på norsk.
Spania
Korallane er skylt på land, og blanda med vulkanske bergartar og sand på stranda. Og vips, har du noko som ser ut som popcorn.
Kanariøyene er ein del av Spania, og øyene ligg i Atlanterhavet nordvest for Afrika. Øygruppa består av sju større øyer: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og Hierro, pluss fleire mindre øyer.
Øyferie
Det er mange som reiser hit på øyferie, fordi det er milevis med vakre strender med kvit sand, lyseblå sjø og palmer. Og popcorn!