– Vi bruker engelsk utan å tenkje over det

Sjuandeklassingane Karsten og Pernille bruker engelske ord og uttrykk som ein naturleg del av språket sitt. Språkforskar Bente Ailin Becker Svendsen seier at dette er eit teikn på at ein kan to språk veldig godt.

Framtida junior møter Karsten (12) og Pernille (12) på Rustad skule der dei går sit siste år før dei skal starte på ungdomsskulen. På fritida er Karsten oppteken av fotball og gaming, medan Pernille er travel med å spele fløyte i korps. Men dei har éin ting til felles: begge er glad i vere med vennar og når dei er det, snakkar dei ofte engelsk. 

– Når eg pratar dukkar det opp engelske ord her og der. Orda berre kjem før eg rekk å tenkje meg om. Eg tenkjer heller ikkje så nøye over det etter at eg har brukt dei engelske orda, seier Pernille.

Karsten fortel at han også automatisk brukar engelske ord når han pratar.

– Det er nokre gonger eg gløymer ord på norsk, og då seier eg dei på engelsk i staden, forklarer Karsten.

Pernille er einig og seier:

– Då blir vi vande med å seie visse ting på engelsk og då blir dei enklare å bruke i fleire samanhengar.

Engelske ord og uttrykk

Det er såpass vanleg for dei to 12-åringane å bruke engelske ord at dei synest det er vanskeleg å kome på eksempel.

Framtida junior spør difor læraren deira Line om ho kan kome med eksempel på engelske ord som blir brukt elevane imellom.

– Eg tenkjer ikkje så mykje over det sidan det har blitt ganske vanleg, fortel ho også, men legg til nokre døme som bro, cringe, fuck og low-key.

Etter kvart kjem Pernille på eit uttrykk: six-seven. Dette er eit engelsk uttrykk både ho og Karsten ofte høyrer blir brukt, men ikkje heilt veit kva betyr.

Påverka av kvarandre og sosiale medium

Karsten og Pernille trur at årsaka til at dei brukar så mykje engelsk kan handle om at dei er på nett og sosiale medium der mykje av innhaldet går på engelsk. Dette gjeld til dømes i gaming og i videoar på TikTok og YouTube.

– Mykje av det vi lærer i engelsk på skulen, kan eg allereie, sidan eg har lært det av filmar og videoar og slik, fortel Karsten.

– Vi blir også påverka av dei rundt oss. Når jamaldringar bruker engelsk, har ein lett for å bruke engelsk sjølv, legg Pernille til.

Bente Ailin Becker Svendsen er språkforskar ved Universitetet i Oslo. Ho seier at årsaka til den store engelskbruken kan ha starta med eit ønskje om å vere kul og høyre til i vennegjengen. Ho trur rett nok at den flittige engelskbruken no handlar om meir enn at det er kult.

Norske barn er nærast tospråklege

Språkforskar Bente Ailin Becker Svendsen. Foto: Universitetet i Oslo

– Når barn og unge bruker engelsk fordi dei rett og slett ikkje hugsar bestemte ord og uttrykk på norsk, handlar det ikkje lenger berre om at det kult. Det handlar heller om at barn og unge er veldig gode i engelsk og at språket ligg naturleg for dei, seier Bente.

Ho meiner at det som kjenneteiknar barn og unge i dag er at dei minner om menneske som er tospråklege. Å vere tospråkleg vil seie at ein som barn lærte to språk og held fram med å bruke desse aktivt i kvardagen.

– Når ein er tospråkleg og kan to språk veldig godt, så er det slik at du ikkje alltid veit alle orda på det eine eller andre språket, forklarer Bente.

Viktig med engelsk, men også viktig med norsk

Dei to sjuandeklassingane Karsten og Pernille trur det er bra at barn og unge i dag er så gode i engelsk som dei er.

– Det er veldig fint om ein er på ferie i utlandet og snakkar med folk som ikkje kan norsk, seier Karsten og ler medan han legg til:

– Og det er fint for å få betre karakter på skulen.

Samstundes meiner Karsten og Pernille at det er viktig å ta vare på det norske språket.

– Vi burde fortsette å kunne snakke norsk fordi det er språket vårt, meiner Pernille.