Mannen leverte Tigrino til eit lokalt reservat for ville dyr, der forskar Paola Nogales-Ascarrunz jobba som frivillig, ifølgje BBC. Ascarrunz la etter kvart merke til at katten ikkje var lik dei andre tigerkatteartane, og kontakta internasjonale forskarar for å forsøka å finna ut av mysteriet.

Samla inn DNA
Forskarane samla inn og samanlikna DNA frå både levande dyr, og eksemplar på museum for å laga eit kart over dei søramerikanske tigerkattane.
Frå før kjende forskarane til tre typar kattar, og jubelen var stor då dei kunne slå fast at dei hadde funne heile to nye kattetypar.
Tigrino Leopardus Tilcayo
Arten som Tigrino tilhøyrer har fått namnet «Tilcayo tigerkatt». (På latin: Leopardus tilcayo.) Det som er så spesielt, er at Tigrino er det einaste kjende eksemplaret av sin art. Forskarane mistenkjer at det finst fleire eksemplar i det fri.
Forhåpentleg kan Tigrino vera med å setja lys på at også dei små tigerkattane treng vern, på lik linje med den store, superkjende slektningen deira, tigeren.























