Leiaren i den britiske dyrevelferdsorganisasjonen JSPCA, Tracy Millington, meiner at det er viktig at barn og unge lærer om korleis dei skal kommunisere med dyr og når dyr treng avstand, skriv BBC.
Oppmodinga om at familiar bør snakke om korleis ein er snill med dyr, kjem som følgje av at dyrevernorganisasjonen har erfart fleire uheldige hendingar med både ville dyr og husdyr i løpet av sommaren.
Ifølgje JSPCA er det naturleg at barn er nysgjerrige på dyr og gjerne vil ta på dei. Men det som er meint som leik eller helsing frå barna si side, kan bli opplevd som stressande eller ein trugsel frå dyret si side.
– Ved å hjelpe barn med å forstå dyra sine grenser, bidreg ein til at både dyr og barn er trygge, seier Tracy.






















