Pandatvillingar feira toårsdag

Søstrene Leni og Lotti bur i dyreparken i Berlin. Nyleg fylte dei to år og blei feira med ei stor isbitkake.

Panda
  • Pandaer er ein type bjørn.
  • Pandaer et nesten berre bambus (ei plante som liknar kjempegras).
  • Pandaer lever vilt berre i Kina, men finst også i dyreparkar rundt omkring i verda.
  • Ein vaksen panda kan bli 1,5 meter og vege 100-150 kilo.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

22. august fylte pandatvillingane Leni og Lotti to år. Dei blei feira med ei spesiell isbitkake som dei fekk servert til frukost. Isbitane kaka var laga av, var farga med raudbete- og gulrotjuice, skriv dyreparken i Berlin på nettsidene sine.

Kaka fekk ikkje stå i fred lenge, då pandatvillingane var ivrige etter å smake.

Leni er nysgjerrig på bursdagskaka si. Foto: Markus Schreiber / AP Photo / NTB

Tvillingar, men ulike

Då Leni og Lotti kom til verda for to år sidan, vog dei 169 og 136 gram. No veg Leni 70 kilo og Lotti veg 61 kilo.

Dei to pandaene er ikkje berre forskjellige når det gjeld storleik, men også når det gjeld personlegdom. Medan Leni er ein litt rampete og kjælen panda, er Lotti flink og samarbeider godt med dyrepassarane.

Sjølv om Leni og Lotti er tvillingar, er dei ganske ulike. Foto: Markus Schreiber / AP News / NTB