Kristine håpar boka hennar gir deg ekte sommarkjensle

I den nye boka Billie og Bo på feriekoloni blir lesarane med på ei sommarveke full av leik, spenning og nye vennskap. Forfattar Kristine Rui Slettebakken håpar boka kan gi både sommarkjensle og mot til barn som gruar seg til å sove borte.

FAKTA: Om boka
  • Illustratør: Nora Brech
  • Målform: Bokmål
  • Forlag: Gyldendal
LES FAKTALUKK FAKTA

Kristine Rui Slettebakken er forfattar og har skrive fleire bøker for barn. I den nyaste boka hennar, Billie og Bo på feriekoloni, møter me Bo, som både gler seg og gruar seg til å reise på feriekoloni.

Ein feriekoloni er eit tilbod der barn kan reise på ferie utan foreldra sine i nokre dagar eller ei veke. Der bur dei saman med andre barn og vaksne leiarar, og er med på aktivitetar som bading, leik, turar, spel og friluftsliv.

Kjenner godt til heimlengsel

Sjølv har ikkje Kristine vore på feriekoloni som barn, men ho har henta mykje inspirasjon frå eigne opplevingar.

– Eg har ikkje vore på feriekoloni, men eg var på ein sommarleir då eg var liten. Men der var det også foreldre med, så det blir jo ikkje heilt det same. Før eg skreiv boka, snakka eg med fleire som har vore på Camp Hudøy, fortel Kristine.

Illustrasjon: Nora Brech

Ho har også brukt erfaringa si frå leirskule og andre typar turar.

– Eg kjenner godt kjensla av både å glede og grue seg i forkant, av å bli kjent med nye ungar og av å bli meir sjølvstendig gjennom ein slik erfaring.
Det beste med feriekoloni, synest ho, er alt ein får oppleve saman med andre.

– Det beste er at ein får oppleve den norske sumaren i lag med mange andre barn, med friheit, leik og meistring.

I boka får Bo heimlengsel. Kristine trur mange barn vil kjenne seg att i det.

Kva om ein vert redd?

– Det å skulle sove på ein framand stad med ukjende menneske kan vere skummelt. Kva skjer viss ein blir redd? Kven skal ein snakke med? Eg har sjølv hatt lang erfaring med heimlengt. Sjølv om eg gledde meg til tur, fekk eg klump i magen når kvelden kom. Eg trudde eg var aleine om å ha det slik, det verka så enkelt for mange andre å sove heimanfrå. Men det blei lettare då eg oppdaga at fleire har det på same måte.

Illustrasjon: Nora Brech

Til barn som gruar seg til sommarleir eller feriekoloni, har ho ei oppmuntring.

– Det går alltid betre enn ein fryktar. Som mor til Bo seier: Når morgonen kjem gløymer ein kjensla. Og når den første natta er over, går det som oftast veldig bra. Og då er kjensla av meistring stor. Det er veldig verdt det!

Håpar på sommarstemning

Som barn var Kristine glad i enkle sommaraktivitetar.

– Eg likte best å bade, fiske krabbar og ete is.

Når det gjeld bøker, var det særleg to favorittar som gjorde inntrykk.

Illustrasjon: Nora Brech

– Eg elska kvardagsmagien i Barna i Bakkebygrenda av Astrid Lindgren. Då eg blei litt eldre, var det Jørgen + Anne er sant av Vigdis Hjorth.

No håpar ho at lesarane får vere med Billie og Bo på ei oppleving dei vil hugse.

– At dei har fått vere med på turen, dei og, med alt det inneber av leik, spenning og nye vennskap. Ei veke på sommarleir kan vere noko ein hugsar for resten av livet. Eg trur mange tek eit eller anna byks etter ein erfaring som det. Til dømes at ein meistrar noko nytt eller blir kjent med nye sider av seg sjølv – og kvarandre. Eg håpar at boka fangar denne opplevinga. Men mest av alt ynskjer eg at dei som les skal ha det morosamt og få skikkeleg sommarstemning.