Dei norske landslagsspelarane bur i byen Greensboro i delstaten North Carolina. Etter at alle spelarane hadde funne seg til rette på hotellet, og nokre hadde testa golfanlegget, kom det åtvaring om slangar frå lokale myndigheiter i Greensboro, skriv Nettavisen.
Det var slangearten kobberhovud det blei åtvara om. Dette er ein slangeart i hoggormfamilien, men han er mykje farlegare enn hoggormen i Noreg. Dersom eit menneske blir bite, må ein få legehjelp med ein gong.
Arten Kobberhovud held til Mexico og USA, mellom anna i skogane rundt byen Greensboro.
Slangespesialist Kristoffer Kaspersen seier til Nettavisen at dei norske landslagsspelarane må vere spesielt forsiktige på golfbanen. Der kan det finnast kobberhovud, så då gjeld det å sjå seg godt rundt.
Sjølve er ikkje landslaget særleg bekymra for å bli bitne av slangar.























