– Det har vore ein utruleg bra dag. Eg var ikkje så nervøs, men spent, det var eg, sa Tius til NRK etter showet.
Ei stund før VM blei Tius kontakta av den verdskjente popartisten Katy Perry, som lurte på om han ville opptre med ho på opningsshowet i Los Angeles. Grunnen til at artisten ville ha med Tius, var at ho skulle framføre låta «Wonder».
Faren til Tius, Kent Sundberg kjent frå det norske bandet Donkeyboy, har nemleg vore med å produsere denne låta. I tillegg er utgangspunktet for låta «Wonder» eit lydspor med Tius som syng då han var fem år.
Første møte
Sjølv om Tius og Katy Perry syng i same song hadde dei aldri møtt kvarandre før dei skulle opptre saman under VM.
– Vi skulle prøve klede, og då sat ho der og fekk fiksa håret. Då blei eg overraska, fortel Tius til NRK
Sjølv om Tius kosa seg undervegs i framføringa, var det godt å få det overstått.
– Det var deilig då det var over og vi gjekk av. Og etterpå var det nokon som kjente meg igjen i ein butikk, fortel Tius.
Det var 70 000 menneske på stadion der Tius og Katy Perry song, og om lag ein milliard menneske som såg framføringa på TV eller nett.
Sjå framføringa HER!






















