– Gråt fordi eg kjente på følelsane til karakterane mine

Sunniva Relling Berg har nyleg gitt ut boka Nattsol. Dette er tredje boka i serien om Ilias og Maja. Her fortel forfattaren kva som gjer dei to karakterane så spesielle.

For dei som ikkje har lese bøkene; kven er Maja og Ilias, og kva handlar bokserien om dei om?

Maja og Ilias er to ungdommar som ofte hamnar i trøbbel. Dei flyktar frå ulike ting: frå vanskelege ting på skulen, frå nokon som ønsker seg hemn, frå å seie unnskyld og frå å føle for mykje. Ilias bur på asylmottaket under fjella og Maja har blitt sendt til tanta si for sommaren, fordi mora er redd for at ho heng saman med feil folk heime.

Kvifor ville du skrive fleire bøker om desse karakterane?

Eg synst dei er spanande karakterar å skrive om. Dei er litt annleis karakterar enn dei eg elles les om i ungdomsbøker. Ilias har ein annleis bakgrunn som flyktning. Maja er ei tøff jente, som ikkje finn plassen sin. Dei er modige på kvart sitt vis, og veldig ulike. Det er noko av det som gjer det gøy å skrive om dei.

Illustrasjon: Bjørn Rune Lie / Samlaget

Spennande historier

Kvifor vil du skrive spennande og litt skumle historier for unge?

Eg skriv sånne historier eg sjølv liker å lese. Eg likar å lese bøker der det skjer ein del ting og der eg får vere med ut på eventyr gjennom å lese.

Har du nokon gong blitt så oppslukt i historia, at du har blitt nervøs for karakterane sjølv?

Ja, det er vel mest komisk, men då eg skreiv ei scene frå elva, begynte eg å gråte fordi eg kjente sånn på følelsane til karakterane mine og alt som stod på spel.

Planlegg du alt før du skriv, eller skjer det undervegs?

Eg har ofte ein tanke om kva boka skal handle om, kven som skal vere med, men mykje skjer undervegs i skrivinga. Når eg har prøvd å planlegge i detalj på førehand, plar historia å vri seg unna uansett. Eg synst det er spanande når personane har blitt så levande for meg, at dei nærast byrjar å leve sitt eige liv.

Illustrasjon: Bjørn Rune Lie / Samlaget

Vennskap og tillit

Kva likar du best med karakteren Maja?

At ho er tøff og gjer ting utan å tenkje seg om for mykje. Ho gjer ein del ting som er vanskelege å vite på førehand om er ein god eller skikkeleg dårleg idé. Men ho meiner det ho gjer godt. Ho er god på botn, sjølv om det kan vere vanskeleg å oppdage innimellom.

Kva likar du best med karakteren Ilias?

Han er ein stødig type, som ikkje lar Maja herse med seg. Han er modig på ein roleg måte.

Kva er det viktigaste temaet som blir teke opp i Nattsol, og dei andre bøkene i serien?

Eg utforskar eit uvanleg vennskap, som har gått litt skeis. Eg skriv om korleis ein kan bli venner igjen, sjølv når ein ikkje alltid veit kva som er det rette å seie. Eit vennskap handlar meir om å vere der for kvarandre, enn å alltid vite kva som er det rette å seie. Dessutan skriv eg om at det er skummelt å stole på nokon som har svikta ein før, men at folk fortener ein ny sjanse.

Illustrasjon: Bjørn Rune Lie / Samlaget

Ein annleis bakgrunn

Kvifor ville du at ein av hovudpersonane skulle vere ein gut som bur på asylmottak?

Det var faktisk utgangspunktet for heile denne serien. Eg jobba som bibliotekar på ein skule der ein del av elevane nett hadde komme til Noreg og skulle lære seg norsk. Eg ville gjerne skrive noko som var lettlese og fengande til denne målgruppa, sidan det ikkje finst mange hovudpersonar i norske bøker med den bakgrunnen. Men det er viktig for meg at bakgrunnen til Ilias ikkje skal vere det viktigaste med Ilias. Han er også mykje meir enn bakgrunnen sin.

Korleis fann du ut korleis det er å bu på asylmottak, så du kunne skildre korleis Ilias har det?

Det å skrive om Ilias med denne bakgrunnen, er ikkje noko eg tar lett på. Eg har lese masse bøker og intervju om det. Når eg først skulle skrive om noko såpass langt frå mitt eige liv, var det viktig å sette historia i ein setting som eg har kjent godt på kroppen. Det var grunnen til at eg sette historia til Nord-Noreg. Eg gjekk på folkehøgskole og hadde nokre heilt magiske og også utfordrande opplevingar i naturen der, som eg speler på i bøkene.

Illustrasjon: Bjørn Rune Lie / Samlaget

Vil ta med lesarane på eventyr

Kva håpar du lesarane tenkjer og lærer gjennom å bli kjend med Ilias og Maja?

Når eg skriv om Ilias og Maja, tenkjer eg ikkje først og fremst på kva ein kan lære av å bli kjent med dei. Eg ønskjer å skrive fram personar som verkar levande og som ein bryr seg om, sånn at ein får lyst til å finne ut kva som skjer med dei. Eg håpar lesaren vil bli like nysgjerrig på og glad i Ilias og Maja som eg har blitt.

Kva håpar du barn og unge sit att med etter å ha lese Nattsol?

Eg håpar dei sit att med at dei har fått vore med på eit lite eventyr og kjent spenninga litt på kroppen. Eg håpar også at lesarane har fått reflektert litt rundt korleis det kan vere å bu på asylmottak og vente på svar. Kanskje kan lesarane kjenne seg att i kor vanskeleg det kan vere å seie unnskyld av og til.

Kjem det fleire bøker i denne serien?

Ja, planen er ein frittståande oppfølgjar.

Foto: Tove K. Breistein / Samlaget

Tre kjappe:

Kva var favorittfaget ditt då du var 12?

Naturfag. Eg har alltid vore fascinert av alt ein kan lære om naturen.

Kva var favorittboka di?

Eg hugsar ikkje heilt akkurat kor gammal eg var, men Narnia-bøkene og Skammarens dotter var seriar eg likte svært godt som barn.

Kvar likar du best å lese?
Det er fint å lese på kafé, men eg les kanskje mest i senga. Når eg har ei god bok eg gler meg til å lese, legg eg meg litt ekstra tidleg for å få lese mest mogleg.