Kiviar
- Kiviar er ei gruppe fuglar som lever på New Zealand.
- Det finst fem artar kiviar.
- Alle artane har gråbrune fjør.
- Kiviar har ikkje synlege venger og kan ikkje flyge.
- Dei har langt, tynt nebb.
- Kiviar et mark og insekt.
- Fuglane er på størrelse med høner og veg omtrent to kilo.
Kjelde: Store norske leksikon
Kivi er nasjonalfuglen på New Zealand. Opphavleg var det truleg 12 millionar individ av fuglearten i landet. Men mellom anna på grunn av rovdyr og nedbygging av natur, blei det færre og færre kiviar ute i det fri.
I 2022 var det berre igjen 70 000 individ – det vil seie at bestanden hadde gått ned med over 99 prosent, skriv AP News.
Det var då styresmaktene, gjennom prosjektet The Capital Kiwi Project, begynte å sette ut kivikyllingar i naturen rundt hovudstaden Wellington.

Kivifeiring
The Capital Kiwi Project ville rekne med prosjektet som vellukka dersom 30 prosent av kivikyllingane som blei sett ut overlevde. No viser tal at heile 90 prosent av kivikyllingane framleis var i live, skriv Positive News.
Dette blei nyleg feira i parlamentsbygninga på New Zealand. Ei parlamentsbygning er ei bygninga der politikarar er samla for å styre landet.
Her var alt frå barn til politikarar samla for å markere kivinyheita. Og ikkje minst var det kiviar til stades. Dermed blei det fyrste gongen nokon sinne at nasjonalfuglen var inne i parlamentsbygninga.






















