Sjå årets beste naturfoto

Førre veke vart årets beste naturfotografar kåra i konkurransen Wildlife Photographer of the Year.

Wildlife Photographer of the Year er ein fotokonkurranse halde av det naturhistoriske museet i London.

Konkurransen kårar vinnarar i ulike kategoriar og aldersgrupper.

I samband med konkurransen er det også ei utstilling. Ifølgje arrangørane er denne utstillinga eit av verdas mest populære fotoshow.

Fri som ein fugl

Spanske Alberto Román Gomez vart kåra til vinnar i aldersgruppa 10 år og yngre med bildet «Free as bird».

Bildet er av ein fugl av arten svartstrupe som sit ved sidan av lenkjer og ein hengelås.

Foto: © Alberto Román Gómez Hombre, Wildlife Photographer of the Year

Kveldsmat

Amerikanske Parham Pourahmad vart kåra til vinnar i kategorien 11–14 år.

Bildet «An Evening Meal» viser ein hauk som et eit ekorn i det sola er på tur til å gå ned.

Foto: © Parham Pourahmad, Wildlife Photographer of the Year

Livet under daudt tre

Alexis Tinker-Tsvalas frå Tyskland vann i kategorien 15–17 år.

Bildet han vann med tok han etter å ha velta ein trestubbe. Under stubben såg han to millimeter store insekt – spretthaler – som han kjappa seg å ta bilde av. Ved sidan av ser vi ein liten ball av mugg.

Bildet heiter «Life under dead wood».

Foto: © Alexis Tinker-Tsavalas, Wildlife Photographer of the Year

På vakt

Canadiske John E Marriot vann i kategorien Dyreportrett.

Bildet «On Watch» er av ei gaupe med dei nesten vaksne barna sine beskytta bak seg.

Foto: © John Marriott, Wildlife Photographer of the Year

Eit roleg augneblink

Hikkaduwa Lyanage Prasantha Vinod frå Sri Lanka vart kåra til vinnar i kategorien Åtferd: pattedyr.

Bildet heiter «A Tranquil Moment» og viser ei ung ape som kviler i armane til ein vaksen. Apearten heiter ceylonmakak og lever på Sri Lanka.

Foto: © Hikkaduwa Liyanage Prasantha Vinod, Wildlife Photographer of the Year

Gaupenes grense

Russiske Igor Metelskiy vann i kategorien Dyr i sine miljø.

På bildet kalla «Frontier of the Lynx» ser vi ei gaupe som strekkjer seg i sola i den russiske villmarka.

Foto: © Igor Metelskiy, Wildlife Photographer of the Year

Øving gjer meister

Jack Zhi frå USA vart kåra til vinnar i kategorien Åtferd: fuglar.

Bildet «Practice makes perfect» er av ein hauk som jaktar ein sommarfugl.

Foto: © Jack Zhi, Wildlife Photographer of the Year